Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Informasjon om timeavtale og besøk i Helse Bergen

Her finn du informasjon om timeavtaler og besøksreglar på sjukehuset.

Publisert 23.04.2020
Sist oppdatert 23.01.2024

​​Besøk

Pasientar som er innlagde på sjukehuset kan få besøk, og sjukehuset skal legge til rette for dette. Vi oppmodar generelt pasientar og pårørande til å vurdere om besøket kan vente til pasienten kjem heim. 

Visittid

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00 alle dagar. 
 
 

Før du kjem til sjukehuset må du gjere deg kjent med gjeldande regler:

  • Du må vere frisk for å kome på besøk
  • Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
  • Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene
  • Du bør helst kome i visit​tida​, men kan óg kome til andre tider etter avtale med avdelinga

​Munnbind 

Det finst framleis pasientar og besøkande som er uroa for eiga eller andre si helse i samband med luftvegsvirus, og dei som ønskjer munnbind kan sjølvsagt framleis bruke det.

Råd om smittevern ved fødeavdelinga

Her er kort informasjon til deg som venter barn frå Fødeavdelinga på Kvinneklinikken og Voss Føde- /Barsel.
Les meir
Jordmor undersøker gravid kvinne i sykehusseng. Foto