Kvinneklinikken og Fødeavdelinga på Voss følgjer Helse Bergen sine smittevernreglar, som heile tida følgjer lokale og nasjonale retningsliner.
Les meir om beredskapsnivå på Fødeavdelinga
Besøk: Kven kan kome på besøk etter fødselen?
Partnar er velkomen frå fødselen startar og kan vere til stades på barsel på dagtid, om de ikkje har familierom. Partnar er velkomen til å vere på fleirsengsromma kl. 09-21. Partnar kan kun overnatte om de har familierom, da vi ønskjer å redusere tida det er mange til stades samtidig på dei mest trangbodde romma.
Friske søsken av barnet er velkomne dagleg kl. 17-18.
Andre besøkande må vente med å besøke mor og barn til dei kjem heim.
Partnar som er smitta med covid-19 kan vere med under fødsel, men vil bli isolert på føderommet saman med den fødande under opphaldet. Sjå meir informasjon under punktet Trur du fødselen er i gong?
Igangsetjing av fødsel
Kvinner som blir lagt inn hos oss for
igangsetjing av fødselen, får ha partnar med seg frå når fødselen er i gang. Dersom kvinna ikkje har rier ved innlegging for igangsetjing av fødselen, vil ho dele rom med fleire inntil fødselsriene startar. Partnar kan då ikkje vere til stades heile tida, men kan kome i sjukehuset si visittid kl. 17.00-20.00. Når fødselsriene startar, kan partnar vere med til fødselen er over.
Trur du fødselen er i gang?
- Ring Innleggingstelefonen 55 97 22 00 for Haukeland.
- Ring Innleggingstelefonen 56 53 35 70 for Voss.
-
Partnar får vere saman med den fødande frå ho kjem på sjukehuset og fram til fødselen er over.
- Vi vurderer smitterisiko for kvar enkelt, både for deg som skal føde og din partnar, og legg ein plan ut i frå det. Ein vil få akkurat den same hjelpa som elles.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål knytt til svangerskap og fødsel ber vi deg i størst mogleg grad kontakte den jordmora eller fastlegen som følger deg opp i svangerskapet. Dei vil vurdere og eventuelt tilvise vidare til oss.
Beste helsing frå alle oss som jobbar på Fødeavdelinga ved Kvinneklinikken og Voss Føde- /Barsel
Sjå også Folkehelseinstituttet sine råd og informasjon til gravide og ammande