Skjoldbruskkjertelkreft - Behandling med radioaktivt jod
Skjoldbruskkjertelen ligg på framsida av halsen og er det einaste organet som aktivt tar opp jod. Radioaktivt jod er ei tilleggsbehandling som blir gitt etter at kjertelen er fjerna ved kirurgi. Formålet med behandlinga er først og fremst å fjerne restvev som kan vere igjen etter operasjonen. Dette blir gjort for å redusere risikoen for tilbakefall av sjukdommen. Av og til er det nødvendig med meir enn éin behandlingsrunde. Behandlinga er ikkje knytt til alvorlege biverknader eller vesentleg ubehag.
Kontrastmiddel som inneheld jod vil hemme opptaket av radioaktivt jod i eit par månader etter at røntgenundersøkinga er tatt. Hjartemedisinen amidarone (Cordarone) vil også kunne hemme jodopptaket i fleire månader etter at du slutta med tabletten. Du må derfor gi beskjed til behandlande lege dersom du har vore til slike røntgenundersøkingar eller brukar/har brukt Cordarone.
Du skal ikkje vere gravid når du får radioaktivt jod. Radioaktivt jod går også over i brystmjølk. For å redusere opptaket i brystvevet må du som ammar, slutte med dette 8 veker før du får behandlingsdosen.
Før
Du vil få skriftleg informasjon om behandlinga og kva forholdsreglar du skal ta før og etter at du har fått radioaktivt jod.
For ei mest mogleg vellykka behandling, er det viktig at du et jodfattig kost i 2 veker før behandlinga. I store trekk betyr dette at du må unngå saltet mat, fisk og sjømat og at maten skal innehalde lite mjølk og ost.
To dagar før du får radiojoddosen skal du:
- ta blodprøver
- snakke med lege
- få ei sprøyte
Dagen før radiojoddosen skal du:
- få ei sprøyte
Dagen du får radiojoddosen skal du:
- faste 4 timar før du får dosen (det vil seie ikkje ete, drikke eller tygge tyggegummi/pastill)
- ta blodprøver
Under
Behandlinga består av å svelge ein kapsel saman med litt vatn.
Radioaktivt jod kan hefte seg på enkelte typar protesemateriale. Dersom du bruker gebiss, må du derfor fjerne det frå munnen mens du tar dosen med radiojod.
For å hindre at andre skal bli utsett for radioaktivitet må du opphalde deg på eit isolat på sjukehuset i inntil 3 dagar. Radioaktivitet skilst ut via kroppsvæsker. Du må derfor vere nøye med personleg hygiene og skylje ned to gonger når du har vore på do.
Du må faste i to timar etter at du har fått radioaktivt jod.
Etter
To dagar etter at du har fått behandlingsdosen kan du begynne å ete normal kost.
3–7 dagar etter behandlinga skal du ta ei bildeundersøking.
Biverknader førekjem sjeldan, og oppstår oftast når det er gitt høge dosar eller fleire behandlingar. Dei vanlegaste biverknadene er lett kvalme, lett ømheit på halsen i operasjonsområdet og ømme spyttkjertlar.
Før du forlèt sjukehuset vil du få time til neste kontroll. 1–2 veker før du skal til kontroll skal du ta ei blodprøve.
For å unngå unødvendig strålebelasting av menneske rundt deg, er avstand og tid viktige faktorar. Hald avstand så godt som praktisk mogleg den første veka, og unngå nærkontakt (mindre enn 1 meter), spesielt over tid. Du bør vente i 6 månader før du prøver å få barn.