Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Psoriasisartritt

Psoriasisartritt (PsA) er ei form for leddgikt som kan oppstå hos personar med hudsjukdomen psoriasis. Psoriasisartritt høyrer til gruppa av revmatiske betennelsesjukdommar som blir kalla spondyloartrittar.

Utbreiing og årsakar

Om lag 10% av dei som har hudsjukdomen psoriasis får Psoriasisartritt. Det er ikkje samanheng mellom utbreiing av psoriasis i huda og risiko for å få psoriasisartritt. Omtrent like mange kvinner som menn får psoriasisartritt. Årsaker er lite kjende, men sjukdomen er i nokon grad arveleg.

Utredning

Symptom og sjukdomsteikn

Ved psoriasisartritt er det vanleg at eitt eller fleire ledd er betente og dermed vonde, hovne og kjennes stive. Nokre kan få betennelse i bekkenledd og rygg slik som ved Bekhterevs sjukdom. Då kjennes smerte og stivheit i korsrygg og kanskje høgare opp i ryggen og rundt brystbeinet. Dette merkar ein gjerne mest om natta slik at søvnen blir forstyrra. Bevegelse gir lindring, medan kvile ikkje gjer det. Dessutan kan ein ved psoriasisartritt ha betennelse i senefeste (såkalla entesitt), mest vanleg bakpå eller under hælen. Eit anna særtrekk ved Psoriasisartritt er betennelse i ein heil finger eller tå, noko som blir kalla daktylitt eller på norsk «pølsetå»/ «pølsefinger».
Ein person med psoriasisartritt kan ha eitt eller fleire av desse sjukdomsteikna samtidig eller varierande over tid. Blodprøve syner oftast auka verdiar for senking og CRP (såkalla hurtigsenking). Det finst ikkje sjukdomsspesifikke antistoff i blodprøve ved psoriasisartritt slik ein finn ved vanleg revmatisk leddgikt (revmatoid faktor og anti-CCP).

Behandling

Revmatolog vil starte behandling tilpassa din sjukdom. Sjukdomsforløpet er variabelt over tid og mellom ulike pasientar. Det er naturleg at du blir tatt med på råd om kva behandling som er best for deg.

Medikamentell behandling

Symptomlindrande medikament av typen antiflogistika gir raskt effekt og kan nyttast dagleg eller etter behov. Døme på slike er ibuprofen, naproxen og diklofenak. Dersom du ikkje toler antiflogistika kan du bruke paracetamol.

Kortisoninnsprøyting kan settast i ledd som er hovne og treng rask behandlingseffekt.
Sjukdomsmodifiserande medikament (metotrexat, Arava, Salazopyrin o.l.) har langsam og immundempande effekt som minkar betennelse og tendens til skade på ledd.
Biologiske legemiddel blir gitt intravenøst eller som subkutan sprøyte. Gir ofte ei rask og god lindring av symptoma og kan dempe eller stoppe den revmatiske betennelsen. Dette er kostbare medikament som og gir ein liten auke i risiko for alvorlege infeksjonar.

Anna behandling

Trening og øvingar kan gjere at ein blir mindre stiv, får betre funksjon og kan vedlikehalde bevegelsesutslag i tillegg til å gi allmenne helseeffektar. Du bør i starten få rettleiing frå fysioterapeut om dette, i periodar kan det og vere nyttig med behandling hos fysioterapeut. Ergoterapeut kan gje råd og hjelp ved særskilde funksjonstap.
Personar med psoriasisartritt har litt auka risiko for overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. I samråd med fastlege bør du finne ut om dette gjeld deg og i så fall få behandling for dette.

Du bør følgje generelle kosthaldsråd for rett mengde og samansetting. Særleg kan det vere av betyding å ha godt nok inntak av antioksidantar, omega-3 fettsyrer og kalsium.

Oppfølging

Diagnose og oppstart av behandling blir fastsett av revmatolog. Det er vanleg med kontrollar hos revmatolog, etter kvart årleg. Det er viktig med oppfølging hos fastlege for andre helseproblem. Fastlegen kan skrive resept på antiflogistika samt fornya reseptar på sjukdomsmodifiserande medikament. I fredlege fasar av sjukdomen kan fastlege overta oppfølginga.

Vil du vite meir?


Kontakt

Gamle hovedbygg Revmatologisk avdeling

Kontakt Revmatologisk avdeling

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs

  • Psoriasisartritt
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
    Psoriasisartritt
    13.
    mars
    2025
    Fleire datoar