Plasmautskifting
Plasmautskifting
Blod består av plasma og blodceller. Plasmaferese er ei behandling der vi fjernar kroppen sitt eige plasma. Samtidig erstattar vi det med balansert erstatningsløysing eller med blodgivarplasma. Plasmaferese kan anten fjerne uønskte antistoff som har samla seg i blodbanen, eller tilføre nødvendige stoff som manglar i plasmaet.
Om behandlinga
Plasmautskifting kan gjerast på to ulike måtar; sentrifugering og filtrering. Her beskriv vi plasmautskifting med filter og ein plasmaferesemaskin. Behandlinga blir vanlegvis gjord på dialyse-avdeling.
Ved uønskte antistoff fjernar vi kroppen sitt eige plasma og erstattar plasmaet med ei balansert erstatningsløysing. Dersom du manglar enkelte delar i plasma, fjernar vi kroppen sitt eige plasma og erstattar det med plasma som inneheld dei delane du manglar.
Kvar behandling varer cirka 2–3 timar.
Kor mange behandlingar som er nødvendig, avheng av kva diagnose du har.
Før
Dersom det er noko spesielt du må ta omsyn til før behandlinga, får du beskjed om det i god tid før behandlinga.
Før sjølve behandlinga startar vil det bli gjort blodtrykksmåling av deg.
Under
Under behandlinga sit du i ein regulerbar behandlingsstol ved plamaferesemaskinen. For å kunne skifte plasmaet ditt treng vi ein tilgang til blodsystemet ditt, ein såkalla blodtilgang. Det er anten eit kateter i ei stor blodåre, vanlegvis ved halsen, eller to kanylar i ei blodåre på armen. Ein sjukepleiar koplar deg til plasmaferesemaskinen.
Deretter startar filtreringa. Under behandlinga vil litt av blodet ditt (cirka 2 dl) sirkulere i slangesett og plasmaferesefilteret. Behandlinga er nøye overvakt av kontrollfunksjonane i plasmaferesemaskinen og av personalet. Denne behandlinga er ikkje knytt til ubehag eller smerte.
I løpet av behandlinga kan du også sjå på TV, lese eller liknande.
Før behandlinga blir avslutta, får du tilbake blodet som har sirkulert i slangesettet og plasmaferesefilteret, og du blir kopla frå.
Etter
Det blir også målt blodtrykk etter plasmautskiftinga. Om nødvendig, legg vi til rette transport til og frå avdelinga.