Diagnose
Parkinsons sjukdom
Parkinsons sjukdom kjem av at spesielle område i hjernen blir skadde av ein sjukdomsprosess der nerveceller som produserer signalstoffet dopamin blir øydelagde og forsvinn. Årsaka til desse skadane i hjernen er ukjend. Sjukdommen debuterer oftast etter 50 års alder.
Symptom
- skjelvingar
- uro
- stivleik
- trege rørsler
- tap av luktesans
- depresjon
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om Parkinsons sjukdom blir du vist frå fastlege til nevrolog.
Utgreiing
Det finst ingen enkel test som kan avdekkje Parkinsons sjukdom. Legane stiller derfor diagnosen etter å ha snakka med deg om symptoma dine og det blir gjennomført ei nevrologisk undersøking. Blodprøvar og bilete av hjernen kan også vere aktuelt. Dette blir vanlegvis gjort for å utelukke andre sjukdommar.
Det er viktig at du registrerer kva symptom du har slik at du kan fortelje legen om endringar frå gong til gong. Ei symptomdagbok kan vere ein god idé. Slik informasjon er nyttig for legen. Dersom symptoma er milde, kan det ta fleire år før du treng legemiddelbehandling.
Ved nokre tilfelle kan legen prøve behandling med dopamin for å sjå om dette har effekt på symptoma. Dersom behandlinga har effekt, kan dette vere med på å stille rett diagnose.
Behandling
Aktiv overvaking
Parkinsons sjukdom er kan ikkje helast, men det finst behandling som dempar dei motoriske symptoma som til dømes skjelvingar, stivleik og trege rørsler. Ved få symptom kan vi velje å overvake sjukdommen utan behandling. Når symptoma forverrar seg, eller livskvaliteten blir vesentleg redusert, startar vi med medikamentell behandling.
Medikamentell behandling
Parkinsons sjukdom blir som regel behandla med medisinar. Dopaminbehandling med til dømes Levodopa og Dopaminagonister blir brukt når dei motoriske symptoma påverkar livskvaliteten.
Somme parkinsonpasientar kan bli deprimerte. Ved depresjon kan medikamentell behandling som antidepressiva og nevroleptika bli nytta.
Kirurgisk behandling
Når medisinsk behandling ikkje er tilfredsstillande kan enkelte pasientar vurderast for kirurgisk behandling.
Den innopererte pulsgeneratoren vil etter ei tid ha behov for batteriskift. Batteriet kan ha ulik levetid avhengig av kor mykje straum som blir brukt. Når batteriet ditt er tomt, må dette skiftast. Har du, og bruker du pasientkontroll, vil denne gi varsel når det er 20 prosent batterikapasitet igjen.
Kliniske studiar
3 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Det glymfatiske systems rolle i Parkinsons sykdom (GRIP-studien)
- Observasjonsstudie av parkinsonisme (PROSPOS)
- N-DOSE studien: Nikotinamid ribosid behandling for Parkinson sykdom
Oppfølging
Når du har fått diagnosen Parkinsons sjukdom vil du få behandling og oppfølging av nevrolog og sjukepleiarar som jobbar ved nevrologisk avdeling. Du skal til regelmessige kontrollar hos oss, men kan også ta kontakt dersom det skulle oppstå noko nytt før neste avtalte kontroll.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Nevrologisk avdeling
Ventetid: 10 uker
Ventetid: 10 uker
Kontakt Nevrologisk avdelingOppmøtestad
Vi held til i Gamle hovudbygg.
Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen
Transport
Ventetid
Praktisk informasjon
Kurs
- Parkinsons sjukdom: For deg som har fått diagnosen i løpet av dei to siste åraKurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.Parkinsons sjukdom: For deg som har fått diagnosen i løpet av dei to siste åra10.mars2025
- Parkinsons sjukdom. For deg som har hatt diagnosen i meir enn to år.Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.Parkinsons sjukdom. For deg som har hatt diagnosen i meir enn to år.11.mars2025