Behandling, Tapping av væske og kortisonbehandling i ledd
Leddpunksjon
Ledd kan hovne opp på grunn av betennelse i leddet, vanlegvis fordi betennelsen gir auka mengd leddvæske. Leddbetennelsar kan oppstå på grunn av overaktivt immunforsvar ved revmatologisk sjukdom, eller på grunn av bakterieinfeksjonar. Ledd kan òg hovne opp på grunn av artrose, men då sest det lite betennelsesceller i leddvæska.
Årsak
Leddtapping vil vanlegvis bli gjord for å redusere smerte og stivleik i leddet. Dersom årsaka til leddhevelsen er ukjend, kan undersøking av leddvæske hjelpe til å finne årsaka. Dersom det ikkje er mistanke om bakteriell årsak vil ein vanlegvis samtidig få sett inn kortison i leddet for å dempe betennelsen og hinder at hevelsen kjem tilbake.
Før
Det er ingen førebuingar til leddpunksjon.
Under
Lege undersøkjer deg før leddpunksjonen, oftast ved hjelp av ultralyd.
Før leddpunksjon vaskar vi huda godt.
Ei nål blir ført inn i leddet og væska blir tappa ut. Av og til får vi ikkje ut noko væske.
Dersom det ikkje er mistanke om bakterieinfeksjon, set legen vanlegvis kortison inn i leddet gjennom den same nåla. Dette blir gjort for å dempe betennelsen.
Dersom det kjem ut leddvæske, vil legen ofte vurdere leddvæska i mikroskop og nokre gonger sende ho til andre analysar.
Etter
Etter behandlinga kan du reise heim. Avhengig av kva ledd som blir punktert, kan du bli beden om å avlaste leddet i etterkant. Nokre opplever smerter etter behandlinga, og andre ikkje.
Ver merksam
Ein svært sjeldan komplikasjon til leddtappingar er bakteriell infeksjon. Dersom leddet etter tapping blir meir hovent, smertefullt, raudt eller varmt eller du får feber, må du kontakte poliklinikken eller annan lege.
Kontakt
Gamle hovedbygg
Revmatologisk avdeling
Oppmøtestad
Haukeland Universitetssykehus, Revmatologisk poliklinikk, Gamle Hovedbygning 3. etasje. Du melder deg i ekspedisjonen når du kommer til poliklinikken.Gamle hovedbygg
Jonas Lies vei 71
5053 Bergen