Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Koronar angiografi

Koronar angiografi er ei røntgenundersøking av kransarteriane for å sjå om det er forsnevringar i årene. Kransarteriane er dei blodårene som forsyner hjartemuskelen med blod.

Før

Før du skal til koronar angiografi, må du førebu deg: 
  • Dusj kvelden før, eller same morgon som undersøkinga, om tilstanden din tillèt det
  • Du må fjerne naglelakk og sminke og ta av klokke, ringar og smykke 
  • Du skal ta dei faste medisinane dine, unntatt 
    • diuretika (vassdrivande) 
    • blodfortynnande medisinar som Marevan® og Klexane® 
    • metformin (diabetesmedisin) 
  • Det er tillate å ete små porsjonar til alle måltid før undersøkinga 
På sjukehuset får du informasjon om undersøkinga. Gi oss beskjed om du tidlegare har reagert på røntgenkontrast. 
  • Vi måler blodtrykk, puls og tar EKG 
  • Vi barberer handledd og lysker 
  • Du får venekanyle i armen 
  • Dersom du har nedsett nyrefunksjon, blir du forbehandla med intravenøs væske 
  • Du får tilbod om ein roande tablett 
  • Du skal tisse før undersøkinga 

Under

Du blir lagt på eit undersøkingsbord mens undersøkinga går føre seg, og du er vaken heile tida. Du får lokalbedøving ved innstikkstaden i lysken eller handleddet før vi fører eit kateter opp gjennom pulsåra og til hjartet. Du får kontrastvæske gjennom kateteret, og eventuelle forsnevringar i kransarteriane blir synlege på røntgenfilm. 

Undersøkinga varer om lag 30 minutt–1 time og medfører lite ubehag. Ved eventuell utblokking (PCI) kan undersøkinga vare 30 minutt–2 timar lenger. 

Utgreiinga kan også avdekke lekkasje eller trong hjarteklaff. Dette greier vi ut vidare med ekkokardiografi. 

Etter

Etter undersøkinga kjem du tilbake til avdelinga, der du blir observert nokre timar. 
  • Vi måler blodtrykk og puls jamleg 
  • Vi inspiserer innstikkstaden  
  • Du kan drikke med det same og ete etter 1 time 
Det er viktig å halde innstikkstaden i ro etter undersøkinga for å unngå bløding. Det er ikkje uvanleg at nokre etter behandlinga opplever smerter, hevelse og bløding frå innstikkstaden. 

  • Trykkbandasje 3–4 timar 
  • Sengeleie 5–6 timar 
  • Det er viktig å ligge flatt desse timane. Du skal ikkje løfte på overkroppen eller beina 

  • Dette er ein kollagen-«plugg» som vil løyse seg opp av seg sjølv etter ei tid. 
  • Sengeleie 2–3 timar 

  • Trykkbandasje 2–3 timar 
  • Sengeleie ca. 1 time 
  • Kompresjon og armen i fatle 4–5 timar 
 
 

Om vi har gjort ei utblokking, blir du observert nokre timar. 


Ver merksam

Risikoen for komplikasjonar ved ein koronar angiografi er liten. Den vanlegaste komplikasjonen er bløding frå innstikkstaden. Kateteret kan komme borti flak av åreforkalking som kan losne. I sjeldne tilfelle kan dette utløyse eit hjarteinfarkt eller eit hjerneslag.

Kontakt

  • Ventetid: 6 uker

    Kontakt Hjarteavdelinga

    Oppmøtestad

    Poliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Fellesekspedisjonen der pasientar som vert innlagt etter venteliste skal møte ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Sengepostane finn du i 6. etasje same stad.
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Transport

    ​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
     
    ​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
     
    • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
    • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
    • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
    ​Busstoppa rundt Haukeland:

    • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
    • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
    • Ibsensgate - arbeidsruter

    ​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

    Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

    Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

    ​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

    ​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
     

    Reiseutgifter
    Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
    Les meir om å få dekt ei pasientreise

    Planlegging
    I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
    Les meir om planlegging av pasientreisa di

    Rettar/Rettane dine
    Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
    Les meir om rettane dine ved pasientreiser

    Tilrettelagt transport
    Helseekspressen
    Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

    ​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Ventetid

    6 uker til undersøkelse

    Praktisk informasjon

    I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

    Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

    Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

    Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

    Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

    Opningstider
    Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

    Telefon 55 97 53 44
    Telefaks 55 29 07 40
    bergen@apotekene-vest.no

    For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

    Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

    Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

    Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


    Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

    Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

    Kontaktinformasjon: 

    Telefon resepsjon: 55 97 50 00

    I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

    ​​​​​​​​Besøke pasientar
    Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

    Betale eigendel
    Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

    Bestille drosje
    Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

    Leitar du etter ei avdeling?
    Sjå avdelingsoversikta

    Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

    Lån av rullestol
    Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

    Følgeteneste
    Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

    Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

    Oppbevaringsboksar
    Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

    Hittegods
    Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

    Daglegvarebutikkar i nærområdet:

    Rema1000 Haukelandsveien
    Omlag 10 min gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: kl. 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 06.30 - 23.00 

    Kiwi Kronstad
    Omlag 10 minutts gange frå Sentralblokka
    Måndag - fredag: 06.30 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 23.00

    Bunnpris Møllendalsbakken
    Omlag 15 minutts gange frå Sentralblokka. Søndagsåpen
    Måndag - fredag: kl. 08.00 - 23.00
    Laurdag: kl. 08.00 - 22.00
    Søndag: kl.  08.00 - 23​.00 

    I 3. etasje i Sentralblokka på Haukeland ligger det to stillerom. På dei to stilleromma kan du vere for deg sjølv med tankane og bønene dine. Romma​ er alltid ope, og er opne for alle. ​

    Les meir om stilleromma

    ​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

    Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

    Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

    Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
    3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

     
    Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
    Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
     
    Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 
  • Ventetid: 6 uker

    Kontakt Hjartekateteriseringslaboratorium

    Oppmøtestad

    Du finn oss i 1. etasje i Sentralblokka. 
    Flyfoto av Sentralblokka

    Sentralblokka

    Haukelandsveien 22

    5021 Bergen

    Ventetid

    6 uker til undersøkelse