Diagnose
Høgt kolesterol
Høgt kolesterol betyr at det er for høge nivå av feittstoffet kolesterol i blodet. Dette aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom. Høgt kolesterol kan både førebyggjast og behandlast.
Årsaker
Kroppen produserer sjølv det kolesterolet han treng. I tillegg får vi kolesterol frå feittet i maten vi et. Fysisk aktivitet, enkelte sjukdommar og nokon medisinar påverkar også kolesterolverdiane dine. Familiær høgt kolesterol (FH) er ein tilstand der det er genetiske årsaker til høgt kolesterol. Behandling av (FH) blir ikkje omtalt her, men du kan lese meir på vår informasjonsside om dette.
Vi deler kolesterolet inn i «det gode kolesterolet» – HDL-kolesterol og «det dårlege kolesterolet» LDL-kolesterol. LDL-kolesterol aukar faren for hjarte-karsjukdom. HDL-kolesterolet minkar risikoen for hjarte-karsjukdom.
Målet vårt er å hjelpe deg å:
- redusere dine totale kolesterolverdiar.
- betre balansen mellom LDL- og HDL-kolesterol.
- kartleggje andre risikoar for hjarte- og karsjukdom.
- setje i verk rett behandling.
Høgt kolesterol på helsenorge.no
Tilvising og vurdering
Dei fleste med høgt kolesterol blir greidde ut og blir behandla hos fastlegen. Dei som blir viste til oss kan ha:
- Andre sjukdommar og/eller risikofaktorar som krev spesialist ved utgreiing og iverksetjing av behandling.
- Utfordringar knytt til biverknader og bruk av medisinar.
- Utfordringar med å oppnå ønsket kolesterolnivå.
Utgreiing
Før du møter til timen på sjukehuset skal du ha teke blodprøver. Dei skal takast fastande og seinast 1 veke (tidlegast 2 md.) før timen. Det vil stå i innkallingsbrevet kvar du skal møte.
På sjukehuset
Ta med ei liste over medisinane du bruker.
Du vil bli møtt av ein sjukepleiar som måler blodtrykket, høgd, vekt og omkrinsen rundt midja di. Deretter blir det teke eit EKG. I nokre tilfelle blir det også brukt ei biometrisk vekt som gir oss informasjon om samansetningar av ulike kroppsmassar, som feitt og musklar, i kroppen din.
Etter dette vil du få samtale med hjartelege, der de går igjennom:
- Sjukehistoria di, spesielt med tanke på tidlegare hjarte- karsjukdom.
- Førekomst av hjarte-karsjukdom og høgt kolesterol i slekta di/familie.
- Livsstilen din og risikofaktorar for høgt kolesterol og hjarte-karsjukdom
- kosthald
- røykjevanar
- fysisk aktivitet
- overvekt
- høgt blodtrykk
- diabetes og kronisk nyresjukdom
- tidlegare hjarteinfarkt eller kjend angina.
- resultat av målingane som vart gjort av sjukepleiar
- Blodprøvesvar med vekt på feittstoffa i blodet ditt. Total kolesterol, LDL- kolesterol, HDL-kolesterol og Triglyserider.
- Medisinar og eventuelle biverknader.
- Kunnskapen din om kolesterol og motivasjon for behandling.
Du vil også få ein time hos ernæringsfysiolog som gjer ei nærare kartlegging av kosthaldet ditt.
Behandling
Målet for behandlinga er å minske risikoen for hjarte-karsjukdommar. Målet for LDL-kolesterol, HDL-kolesterol og triglyseridverdier vil variere ut frå risikofaktorane dine og sjukehistorie.
Behandlinga består av
Informasjon
Vi gir deg informasjon om høgt kolesterol og risiko ved denne sjukdommen. Vi vil at du skal ha god innsikt i eiga helse for å kunne forstå og gjennomføre behandlinga på ein god måte.
Livsstilsendring
- kosthaldsendring (ernæringsfysiolog vil hjelpe deg med dette).
- auka fysisk aktivitet
- vektreduksjon
- råd om røykjestopp
For nokon vil det vere tilstrekkeleg med livsstilsendringar.
Kolesterolsenkande medisinar
Desse medisinane blir kalla Statiner. Det finst fleire ulike preparat på marknaden. Dersom du opplever biverknader, vil det derfor vere alternative medisinar å bruke. Det er kan også vere aktuelt å kombinere ulike kolesterolsenkande medisinar. Mange har ei oppfatning av at det er mykje biverknader knytt til bruk av kolesterolsenkande medisinar. Dette stemmer ikkje.
Behandling av eventuelt høgt blodtrykk
CT-hjarte eller hjarteutgreiing
Hjartekateterisering ved symptom på angina
Tilvise vidare ved dårleg regulert diabetes
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Etter konsultasjonen vil det bli sendt ei epikrise til tilvisande lege. Dei fleste blir følgde vidare opp hos fastlege. I nokre tilfelle vil det bli nødvendig med vidare oppfølging. Du vil då få ei ny innkalling om 12–30 månader.