Brannskade - rehabilitering og etterbehandling, nynorsk
Alle større brannskadar vil har behov for oppfølging og etterbehandling for å sikre eit best mogleg sluttresultat.
Brannskadar av eit visst omfang og/eller djupn vil etterlate seg eit behov for etterbehandling etter det akutte forløpet for å sikre at det endelege sluttresultatet vert så godt som mogleg.
Ofte vil ein etter den akutte behandlinga framleis ha ein del sårproblem og skjør hud som lett får nye sår. Dette vil gjerne trenge oppfølging i form av sårstell ein periode etter det akutte sjukehusopphaldet.
Dei fleste brannskadar etterlet seg og ulike grader av arrdanning. For å sikre at arra vert så lite hemmande som mogleg og samstundes så estetisk lite skjemmande som råd, er det nødvendig med nøye oppfølging, ofte med fokus på fysioterapi og kompresjonsbehandling i tida etter skade.
Pasientar som har gjennomgått svært alvorlege og langvarige sjukdomsforløp vil gjerne vere svært svekka etter sjukehusopphaldet og vil ha behov for systematisk gjenopptrening i ein rehabiliteringsinstitusjon eller liknande.
Tilvising og vurdering
Dei fleste pasientar som har gjennomgått behandling for brannskadar vil verte tilvist til passande vidare oppfølging av sjukehusavdelinga som har behandla dei.
Dersom ein ikkje har fått oppfølging i etterkant, kan ein be fastlege vurdere om ein skal tilvisast til næraste avdeling som behandlar brannskadar, slik at ein der kan finne ut om det er behov for etterbehandling.
Før
Ein vil vanlegvis verte kalla inn til ein time ved poliklinikk ved sjukehus for vurdering av eventuell etterbehandling. Denne vurderinga vil verte gjort av lege som behandlar brannskadar, i nokre tilfelle i samråd med fysioterapeut.
Utredning og planlegging av etterbehandling vil vanlegvis verte avklart ved utskriving eller etter fyrste kontrolltime på sjukehuset. I ein del tilfelle vil ein justere planen for etterbehandling etter som tida går, avhengig av om behovet endrar seg.
Under
Pasientar som har hatt store skadar vil gjerne ha behov for avansert rehabilitering og gjenopptrening. For ein del pasientar vil det vere aktuelt med opphald ved spesialiserte rehabiliteringsinstitusjonar. For andre vil det vere aktuelt med opptreningsopphald i regi av sjukehusavdelingar som driv med rehabilitering.
For nokre pasientar vil det vere meir aktuelt med opptreningsopphald ved sjukeheim i kortare eller lengre tid.
Atter andre vil kunne reise heim og gjennomføre opptrening med støtte frå heimesjukepleie og lokale fysioterapeutar.
Kompresjonsbehandling mot arrdanning
Dei fleste brannskadar vil i tillegg til dette ha behov for oppfølging av arr og arrkontrakturar. Alle større skadar etterlet seg arr. Dei fleste pasientar kor ein forventar ein del arrdanning vil vere aktuelle for kompresjonsbehandling. Det vil seie at ein nyttar komprimerande klesplagg for å best mogleg å halde arrvevet komprimert og slik unngå tjukke (hypertrofe) og stive (kontrakte) arr.
Ved utbreidde skadar er det ofte aktuelt å nytte skreddarsydde plagg, slik at dei gir god kompresjon over større område. Tilpassing og veiledning ved bruk at slike plagg vert oftast styrt av fysioterapeut med spesialkunnskap om etterbehandling av brannskadar. Ein nyttar gjerne denne forma for etterbehandling fram til arreaksjonen er gått over, det vil gjerne seie 1-2 år etter skadetidspunktet.
Etter
Behovet for etterbehandling og rehabilitering varierer mykje ut i frå kva skade ein har hatt og kva følgetilstandar ein sit igjen med. For nokre er det nok med ein enkel kontroll på sjukehuset, medan andre treng jevnleg oppfølging livet ut. For dei fleste pasientane vil behandlinga vere avslutta 1-2 år etter skaden.
Etterbehandling og rehabilitering vert avslutta når ein meiner ein har oppnådd det ein kan for å attvinne funksjon og ein og har gjort det som ein kan for å gjere arra så bra som råd.
Kontakt
Sentralblokka
Brannskadeavdelinga
Oppmøtestad
Du finn oss i 5. etasje, Sentralblokka, Haukeland universitetssjukehus.
Brannskadeavdelinga kan kontaktast på telefon 55973560. Telefonen er bemanna heile døgeret. På dagtid treff ein på dette nummeret vår sekretær som er kontaktpunkt for alle henvendingar ikring behandling og oppfølging av brannskadar.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen