Undersøking
Balanseplattform (stabilometri, posturografi)
Ei balanseplattform måler kor stødig du klarar å stå i oppreist stilling samtidig som balansen blir utfordra. Undersøkinga kan seie noko om balansen din og om risiko for å falle. Balansen blir påverka av mange faktorar, inkludert synet, balanseorganet i øyra, følelekamar i senar og ledd og funksjonen til nervesystemet og muskulatur.
Kva er målet med undersøkinga?
Undersøkinga blir gjennomført for å kartlegge balansen hos pasientar med svimmelheit og/eller balanseproblem. Dersom du ikkje kan stå oppreist utan støtte, vil du ikkje kunne gjere denne undersøkinga.
Før
- Dersom du tek medisinar, ta gjerne med ei oppdatert medisinliste
- Dersom du tek medisin mot svimmelheit, må du ikkje ta desse same dagen som du skal til undersøking.
- Du vil bli bedt om å fylle ut et spørreskjema før du kommer inn til timen. Er du avhengig av lesebriller, må du ta disse med deg.
Under
Du blir beden om å stå så roleg du kan på ei plate (balanseplattform) som registrerer trykkforandringar. Plattforma kan vere utforma på forskjellige måtar.
Du kan bli beden om å lukke auga eller å sjå på objekt som flyttar på seg. Nokre plattformar kan også røre på seg.
Selar eller rekkverk kan bli brukt for å sikre deg mot fall når dette er nødvendig.
Etter
Etter undersøkinga vil resultata bli tolka av lege og eventuelt fysioterapeut. Du vil vanlegvis få ein legekonsultasjon for samtale, undersøking og behandling/rådgiving.
Du kan vere i aktivitet som vanleg etter undersøkinga.
Kontakt
Sentralblokka
Balanselaboratoriet
Oppmøtestad
Når du kommer til Haukeland Universitetssykehus henvender du deg i resepsjonen ved Øre-nese-halspoliklinikken, Klinikk for hode hals, i 2. etasje i Sentralblokken. Du blir der vist vei til riktig venterom.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen