Behandling
Ankelbrudd, operasjon, nynorsk
Ankelbrot er eit vanleg brot og skjer gjerne ved overtråkk. Brotet kan ha forskjellige grader av alvor, noko som avgjer behandlinga. Ved kirurgisk behandling blir brotet først stabilisert med midlertidig gips eller ramme. Deretter gjennomfører vi operasjonen. Du må vanlegvis gå på krykker i 6-12 veker etterpå.Nokre tilfelle av ankelbrot vil kreve operasjon. Då set vi inn skruar og eventuelt ei plate av kirurgisk stål slik at brotet blir halde i ei god stilling. Målet med operasjonen er å stabilisere ankelleddet og å få brotet til å gro i best mogleg stilling.
Før
Viss du kjem til sjukehus innan 6 timar etter skaden, kan ankelbrotet vanlegvis opererast akutt. Dette krev at det er ledig kapasitet på operasjonsstova. I praksis lar dette seg ikkje alltid gjere. Då må brotet stabiliserast midlertidig i påvente av operasjon, anten med gips eller utvendig ramme.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.
Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Etter
Informasjon fra fysioterapeut
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset. Teikn på infeksjon er:- Hevelse og hud som blir raud og varm
- Væske frå såret
- Aukande smerter
- Feber
- Generell sjukdomsfølelse.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
![Flyfoto av Sentralblokka](/4adbce/contentassets/f86540ab62474944b06e47d4cf7a8e0b/sentralblokken_flyfoto_blur.jpg?format=webp&width=512&height=293&quality=80)
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen