Diagnose
Ankelbrot
Ankelen er eitt av dei vanlegaste stadene å få brotskade. Den vanlegaste skademekanismen er kraftig vridning av ankelen. Ved mistanke om brot i ankelen må du kontakte lege. Viss legen vurderer brot, vil du bli vist til røntgenundersøking.
Ankelleddet har tre bein, to i leggen og eitt i foten. I tillegg blir ankelen stabilisert av ei rekke viktige leddband, såkalla ligament. Det er derfor mange typar ankelbrot. Du kan ha eitt enkelt brot i ankelen, eller fleire. I tillegg til brotskade i bein, kan eitt eller fleire av ligamenta vere skadd.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot, er det nødvendig med røntgen av ankelen så snart som mogleg. Viktig førstehjelp er å halde ankelen høgt, nedkjøling, lett kompresjon og ro. Ankelen bør stabiliserast så godt som mogleg. Eventuelle opne sår må dekkast med bandasje. Openberr feilstilling i ankelen bør rettast opp.
Ankelbrudd er ein akutt skade. Diagnosen blir vanlegvis stilt med røntgen på Skadepoliklinikken i Bergen helsehus.
Innledning
Dei fleste ankelbrot oppstår ved ei kraftig vriding i ankelen. Dette kan skje ved uhell som fall i trapp, ved overtråkk i ulendt terreng eller ved sportslege aktivitetar. Det oppstår omgåande smerte, hevelse og av og til kan ankelen stå i feilstilling.
Alvoret til ankelbrotet blir avgjort av fleire faktorar. Skadar med mykje energi er vanlegvis meir alvorleg enn skadar med mindre energi. Brot fleire stader i ankelen og skade av blautvev som musklar, hud og ligament kan også forverra prognosen. Kor alvorleg skaden er legg grunnlaget for kva behandling som blir vald.
Det blir tilrådd å gjera grunnleggjande førstehjelp ved ein slik skade:
- Kjøl ned
- Legg på kompresjonsbandasje
- Hold foten høgt heva
Behandling
Viss brotet er stabilt, vil du kunne reise heim etter undersøking. Mange får då lov til å belaste ankelen fullt ut. Av og til kan det vere nødvendig med gips og krykker for avlasting.
Viss du treng operasjon, må du vanlegvis leggast inn på sjukehus. Enkelte brot kan opererast som dagkirurgi. Operasjonstype vil avhenge av kva type brot du har. Vanlegvis blir brotet sett saman med metallplater og skruar. Ved øydelagte ligament kan det bli nødvendig med ein eller fleire skruar for å erstatte det.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarOppfølging
Etter behandling for brot i ankelen vil du få oppfølging på poliklinikk. Vanlegvis 2 og 6 veker etter operasjon. Eventuelle sting blir fjerna etter 2 veker.
Insett metall treng vanlegvis ikkje å fjernast. Unnatak er enkelte skruar som erstattar leddband. Mange vel rutinemessig å fjerne desse etter 10 veker. Dette er i så fall eit lite inngrep i lokalbedøving som dagkirurgi.
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen