Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
mr- pasient. personell. foto

Radiologisk avdeling, MR-seksjonen

I motsetnad til CT og røntgen brukast ikkje ioniserande stråling på MR. Det er ikkje påvist skadelege effektar på menneske av magnetfeltet og radiobølgjene vi bruker ved MR. MR står for Magnetisk Resonans.

Kva er MR?

MR står for magnetisk resonans. MR er ein nyare diagnostisk teknikk som har vore brukt sidan byrjinga av 80-talet. Teknikken baserer seg på å utnytte magnetfelt og radiobølgjer. Den som vert undersøkt er difor ikkje utsett for røntgenstråler.

Korleis foregår MR-scanning?

Pasienten ligg inne i ein stor sylinderforma magnet, og vert utsett for pulserande radiobølgjer som er 10 000 til 30 000 gongar sterkare enn jordas magnetfelt. Dette påverkar atomkjernene i kroppen til å sende ut radiobølgjer som scannaren fangar opp og omdanner til bilete. Signalstyrken er avhengig av kor mykje vatn/hydrogenatom som finst det aktuelle vevet. Beinvev, som er fattig på hydrogenatom vil bli mørkt, medan feittvev vil bli lyst. 

Den diagnostiske kvaliteten på bileta er avhengig av at pasienten ligg heilt stille. På grunn av dette kan det i nokre tilfelle vere naudsynt å bedøve td. urolege pasientar eller born.

Les meir om korleis MR-undersøkinga foregår her

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling, MR held til i både 1. etasje, 0. etasje og Underetasjen (U) i Sentralblokka (Sjå nærare informasjon i tilsendt brev om kva av etasjane du skal møte til timen din).
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

      Ny radiologiløsning i Helse Bergen

      11. november 2019 får hele Helse Bergen en ny radiologiløsning. For pasienter betyr dette at de i større grad kan undersøkes der de bor og må gjennomgå færre undersøkelser. Ny løsning vil føre til mer samhandling på tvers av sykehusene, som igjen gir økt kvalitet på pasientbehandlingen.
      Les mer om ny radiologiløsning
      MR-San

      MR-undersøking

      MR er en undersøkelse hvor det ved hjelp av et kraftig magnetfelt, radiobølger og datamaskin kan fremstilles digitale bilder av kroppen i ulike plan. Det brukes ikke røntgenstråler ved denne type undersøkelse.
      MR-undersøking
      mr maskin. foto