Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
Vaksne og pårørande
Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Da bør du oppsøke lege eller psykolog for å få barnet ditt undersøkt. Begge kan tilvise til psykisk helsevern for barn og unge.
Klinikk PBU har sju allmennpoliklinikkar (BUP) med ulikt geografisk ansvar. Til saman betener desse Askøy, Austevoll, Alver, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Fedje, Gulen, Kvam, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Ulvik, Vaksdal, Voss, Øygarden.
Poliklinikkar
På poliklinikkane vert ingen lagt inn. Pasientar får tilbod om ulike formar for behandling, og vi vil sjå på behovet til ditt barn når vi lagar ein behandlingsplan.
BUP jobbar også saman med andre offentlege instansar, som for eksempel skule / barnehage, fastlege, helsesyster og i nokon tilfelle barnevern, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for barnet ditt.
Spesialteam og sjukehustenester
Dersom det viser seg at eit poliklinisk tilbod ikkje er tilstrekkeleg, kan barnet ditt bli tilvist til spesialteam med kompetanse på tildømes alvorleg sjølvskading, psykose, autisme. Det er og mogeleg å bli lagt inn ved ein av klinikken sine sengepostar for meir intensiv utgreiing og / eller behandling.
Gode råd til pårørande
Det er naturleg å vere usikker på om barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp eller ikkje. Her er nokon tips om kva du kan gjere for barnet ditt.
Informasjon om psykiske vanskar