Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Bilde av bygning

BUP Fana

BUP Fana er ein av sju allmennpoliklinikkar i Helse Bergen, og har opptaksområde Bergen kommune - Fana bydel, Austevoll kommune. BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod.

Kva er ein BUP?

Ein BUP er ein poliklinikk, eller enklere sagt ein stad der barn, ungdom og foreldra deira får tilbod om hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Pasientar kjem til samtalar til avtalt tid, og går heim igjen etter samtalen.

Alle tilvisingar til Klinikk psykisk helsevern for barn og unge går til nærmaste poliklinikk, med mindre det går fram av tilvisinga at pasient eller pårørande har nytta seg av rett til fritt sjukehusval. Pasientar med rett til prioritert helsehjelp får brev om dette, med frist for oppstart. Alle tilvisingar skal vere behandla innan ti verkedagar.

BUP tilbyr evidensbasert behandling så langt det er mogleg. Dette betyr at behandlingsmetodane er basert på forsking.

Utgreiing

  • Generell utgreiing
  • Spesialisert utgreiing (til dømes nevropsykologisk utgreiing)

Behandling

  • Individuell behandling
  • Familiebehandling
  • Gruppebasert behandling
  • Medikamentell behandling

Konsultasjon og rettleiing

BUP er ei spesialisert helseteneste som kan gi råd (konsultasjon) og rettleiing til skuler, helsesøstrer, barnevernstenester, og barnehagar.

I tillegg har vi Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse - Eining for barn og unge. Senteret skal gi eit poliklinisk tilbod til barn og unge med høyrselshemming og psykisk liding i Helse Vest.


Regionalt senter for høyrsel og psykisk helse

Kontakt

Sentralbord

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge BUP Fana Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Østre Nesttunveg 20.

 

Østre Nesttunvei 20

​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
Rutetabellar finn du på Skyss.no.

      Pakkeforløp psykisk helse for barn og unge

      Pakkeforløp for psykiske lidingar hos barn og unge skal bidra til at du får heilskapleg utgreiing og behandling utan at du må vente unødig.
      Les meir om pakkeforløp og forløpskoordinator
      Ung jente ser i kamera. Foto

      Er du barn eller ungdom?

      Vi har laga ei nettside spesielt for deg. Her finn du informasjon om kva BUP er, og om korleis vi jobbar. Vi fortel meir om kven du kan snakke med og kva som skjer hos oss.
      Les meir om kva du møter hos oss
      PBU-barn-ungdom-COLOURBOX1644856.jpg

      Er du mor eller far?

      Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Då bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt. Legen kan tilvise til ein av poliklinikkane våre.
      Les meir om tilboda våre
      PBU-foreldre-COLOURBOX1656039.jpg

      Er du tilvisar eller fagperson?

      Vi har samla ein del informasjon til deg som har kontakt med barn i profesjonell samanheng. Når treng barn ekstra støtte, og korleis snakker ein med barn som har det vanskeleg?
      Les meir om kva du kan gjere når du er bekymra for eit barn?
      tilviser-fagperson-COLOURBOX5638114.jpg