TOPS - Tidleg oppdaging av psykose
TOPS er eit lavterskeltilbod for alle som er bekymra for at ein sjølv, vener eller familie er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding. Når unge blir uvanleg tause - har dei som regel noko å fortelje.
Kontakt
Telefon
- Måndag 09:00 - 15:00
- Tysdag 09:00 - 15:00
- Onsdag 09:00 - 15:00
- Torsdag 09:00 - 15:00
- Fredag 09:00 - 15:00
- Laurdag STENGT
- Søndag STENGT
Du kan ringe anonymt om du ønsker dette. Du kan også legge igjen ein beskjed utanom desse tidene, så tar vi kontakt så raskt som mogleg - og seinast innan to arbeidsdagar.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
TOPS, Psykiatrisk klinikk i Sandviken. Vi held til i bygg 9 ved parkeringsplassen. Eigen inngang til høgre for hovudinngangen, det står «TOPS» på ringeklokka.Sjukehuset i Sandviken
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Praktisk informasjon
Er du bekymra for at nokon har ein psykose eller er i psykoserisiko? Alle kan ringe til oss for hjelp - det vere seg ungdomen sjølv, vener, familie, helsesøster, fastlege, lærarar, rådgivarar, PPT og andre.