Ved å kome tidleg til behandling er sjansen betydeleg større for å bli frisk. Milde symptom er enklare å behandle og krev sjeldan innlegging på sjukehus. Utan behandling blir symptoma meir alvorlege, behovet for behandling blir meir omfattande.
Ifølge dei nasjonale retningslinjene for behandling av psykoselidingar, blir det anbefalt ein kombinasjon av individuell terapi, familiegrupper, psykoedukasjon og medikamentell behandling. Vi har eit utvida samarbeid med ulike behandlingstilbod.
TOPS ønsker å hjelpe ungdommen og deira familie med å få kontakt med riktig del av behandlingsapparatet. Vi samarbeider difor tett med dei distriktpsykiatriske sentra (DPS) og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).
DPS og BUP vil ha det primære behandlingsansvaret for pasientar som ikkje har behov for døgnbehandling på sjukehus.
Ungdommane mellom 15 og 30 år, som i ein periode vil ha behov for tettare oppfølging, vil bli behandla i Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP).
ASP vil også bidra til at alle som har behov for det skal få ei grundig og god utgreiing.