Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
turgåing_føtter

Overvekt­poliklinikken

Vi er ein tverrfagleg poliklinikk som tilbyr behandling av fedme til barn, ungdom og vaksne.

Poliklinikk for overvekt (PFO) er ei eiga poliklinisk eining ved Endokrinologisk seksjon under Medisinsk avdeling.

PFO driv med utgreiing og behandling av fedme. Dette inneber medisinsk vurdering, førebygging og behandling av livsstilssjukdommar, medikamentell behandling, livsstilsbehandling og gruppebaserte livsstilskurs. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, sjukepleiar, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og psykolog. Vi samarbeider også med sosionomtenesta på sjukehuset. Vi har eit tett samarbeid med bariatrisk kirurgisk miljø ved Voss Sjukehus. Dei pasientane som ikkje kjem i mål med livsstilsbehandling og treng kirurgisk behandling, blir tilvist sjukehuset på Voss som utfører fedmeoperasjonar

Einingsleiar har fagansvar for sjukepleiarane og koordineringsansvar for andre faggrupper som sekretærar, ernæringsfysiologar, fysioterapeutar, og psykologar. 

Overlege ved Endokrinologisk seksjon har medisinsk fagansvar for vaksne. For barn og unge er det barneoverlege ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK) som har medisinsk fagansvar.

PFO er ein del av ei matriseorganisasjon med fleire tverrfaglege samarbeidspartnarar som Avdeling for klinisk ernæring, Fysioterapiavdelinga, Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) og Avdeling for spiseforstyrrelse, sjukehuset på Voss samt primærhelsetenesta. 

Vi behandlar barn og unge frå alle helseføretaka i Helse Vest. Dei vaksne pasientane kjem hovudsakleg frå gamle Hordaland fylke. Sidan oppstart i 2012 har det vore årleg auke i talet på tilvisingar

For vaksne pasientar som treng tettare oppfølging i ein periode, tilbyr  Hauglandsenteret og Nærland rehabiliteringsopphald på 3 veker. 

  • Barn under 18 år med kroppsmasseindeks (BMI) over iso-BMI 35 (definisjonen av alvorlig fedme på den norske BMI-kurven), eller iso-BMI over 30 (definisjonen av fedme på den norske BMI-kurven) med tilleggssjukdom knytt til overvekt.
  • Vaksne over 18 år med BMI over 40, eller KMI over 35 med vektrelatert tilleggssjukdom (for eksempel diabetes, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, belastningslidingar, søvnapné).

Desse kriteria er i tråd med Helsedirektoratet sin rettleiar.

Snakk med fastlegen din som kan tilvise deg til Poliklinikk for overvekt. Ansvarleg lege hos oss vurderer tilvisingar. Pasientar som fyller kriteria får innkalling til poliklinikken. For spørsmål om ventetid, kan du kontakte oss.


Det overordna målet for behandling er å bidra til betre helse gjennom varig endring av levevaner og vektreduksjon. For barn og unge i vekst er målet ofte vektstabilisering. Vi vil arbeide for å redusere risiko for hjertesjukdom, hjerneslag og andre livsstilsjukdommar, betre fysisk yteevne, betre psykisk helse samt hindre arbeidsuførhet. Eit anna mål er at auka kompetanse kan bidra til motivasjon, meistring og sjølvhjelp. Gjennom oppfølging og behandling rettleier vi den enkelte pasient slik at alle får realistiske og konkrete mål som er tilpassa eigne behov og ønsker. På denne måten er målet at den enkelte pasient blir bevisst eigne ferdigheiter og ressursar, lærer seg å sette seg mål, planlegge og gjennomføre tiltak for eiga helse og velvære. 

FABO. Sidan 2014 har barneseksjonen hatt et forskingsprosjekt gåande. Dette avsluttast i løpet av 2020. 

 

eMAMMO - Mat og medisin mot overvekt 

Fra våren 2025 rekrutterer vi pasienter mellom 12 og 18 år til å delta i forskningsprosjektet. Du kan lese mer om forskningen her.

 

  • Helsesekretær
    Ved PFO blir som regel pasienten møtt av helsesekretær som tar vekt, høgde og blodtrykk. Helsesekretær svarer telefonen, tildel timar o.l.
  • Lege (endokrinolog)
    Legene for vaksne er endokrinologar og indremedisinar. Barnelegane har også endokrinologi som hovudfelt. Legene tar del i utgreiinga, har kontrolltimar og deltar i undervisning på livsstilskurs. 
  • Sjukepleiar
    Sjukepleiar tar del i utgreiinga, har kontrolltimar og deltar med undervisning på livsstilskurs. Det er hovudsakleg sjukepleiar som tar kontrolltimane. Sjukepleiar har også eit koordineringsansvar i avdelinga.
  • Klinisk ernæringsfysiolog
    Ernæringsfysiologen tar del i utgreiinga hos barn, unge og vaksne. Dei har også kontrolltimar, og deltar med undervisning på livsstilskurset.
  • Fysioterapeut
    Fysioterapeuten jobbar både med vaksne og barn/unge. I forløpet for barn og unge tar fysioterapeut del i utgreiinga. I forløpet for vaksne har fysioterapeuten berre utgreiing hos nokre pasientar. Utgreiinga er hovudsakleg samtale. Fysioterapeut har kontrolltimer for barn, unge og vaksne samt treningsgrupper og undervisning på Livsstilskurset for vaksne.
  • Psykolog
    Avdelinga samarbeider med Avdeling for spiseforstyrringar, og med Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge (PBU).
    Vaksne: Psykologen utgreier pasientar der den tverrfaglege utgreiinga har avdekka mogleg spiseforstyrring, overspisingslidelse eller psykisk sjukdom som er til hinder for behandlinga.
    Barn og unge: Psykolog er ein del av utgreiinga. 
    Ofte kan vi sjå at pasientane fortel om problem dei har først etter nokre møter, og pasientane kan då bli satt opp til time med psykolog. Dette gjeld for både vaksne og barn. 
  • Sosionom
    Vi er tilknytta sosionom for både barn og vaksne. Sosionomen har tilbod om samtale og rettleiing i forhold til sosiale, praktiske og økonomiske spørsmål. 

Kontakt

Telefon

Kvardagar kl 08.30 - 11.30 og 12.00 - 14.00

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i Ulriksdal helsepark, 2. etg.

Lærings- og meistringssenteret

Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2

5021 Bergen

​Du kan nytta alle bussar som går til og frå Haukeland universitetssjukehus for å komme til oss. Gå av/på bussen ved haldeplassen nord for sjukehuset eller ved Odontologen.

​Næraste stoppestad til Lærings- og meistringssenteret er bybanestoppet Haukeland sjukehus som ligg mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Utgangen mot Haraldsplass er nærast Lærings- og meistringssenteret i Ulriksdal helsepark. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til Lærings- og meistringssenteret. 

Det er eit fåtall parkeringsplassar i 1. etasje i Ulriksdal helsepark. Parkeringssystemet leser bilskiltet ditt når du køyrar inn og ut. Betaling skjer via app eller på automat. Det er også parkeringsplassar i parkeringshusa til Ulriksdal, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus. 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Barn

Voksne

  • Ta blodprøver hos fastlege eller på Haukeland
  • Tenke gjennom kosthald/aktivitetsnivå
  • Tenke gjennom faktorar i livet ditt som kan hjelpe deg å nå ditt mål
  • Tenke gjennom kva for faktorar i livet ditt som er til hinder for å nå målet ditt.

Vi deler resepsjon med kiropraktorklinikken, og vi ber om at alle besøkande tar kontakt i resepsjonen for registrering når dei kjem.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient