Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Balanse­laboratoriet

Balanselaboratoriet er ein del av Øyre-nase-halsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus og er eit spesiallaboratorium for utgreiing av sjukdommer i balanseapparatet. Laboratoriet får tilvist pasientar frå heile landet til utgreiing. Laboratoriet undersøker ca. 1000 pasientar årleg.

 

da med vr briller

 

Balanselaboratoriet samarbeider tett med Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer, og har derfor som ein viktig oppgave å bidra til forsking og utvikling innan fagfeltet. Kompetansesenteret blei oppretta av Helse- og omsorgsdepartementet i 2001.

Besøk Balanselaboratoriets eigen nettside

Vi rådar alle pasientar til først å kontakte sin fastlege, som kan vurdere dei fleste årsaker til svimmelheit og som kan vurdere om det er behov for tilvising til spesialist.

Pasienter busett i Bergensområdet kan ved behov tilvisast til Balanselaboratoriet via fastlegen sin. Dei som bur i andre delar av landet bør i første rekke tilvisast til øyre-nase-halsspesialist lokalt.

Svimmelheit og dårleg balanse er vanlege helseproblem. I ein undersøking utført av Statistisk sentralbyrå svarte 10 % at dei hadde vore plaga av desse symptoma i løpet av dei siste tre månadane. Svimmelheit skuldast ofte sjukdommar i det indre øyret, balansenerva eller nervas bindingar til hjernen. Dette kallast vestibulære sjukdommar.

Undersøkingar på Balanselaboratoriet

Balanseplattform
Kalorisk prøve
Undersøking av posisjonsnystagmus
Undersøking av augebevegelsar
 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Klinikk Hode-hals Øyre-nase-halsavdelinga Balanselaboratoriet Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

      Spørjeskjema for pasientar

      Dei fleste pasientar som kjem til Balanselaboratoriet vil få tilsendt ein SMS med ei lenke til spørjeskjemaet i forkant av timen. Skjemaet er ein del av utgreiing og kartlegging for pasientar med svimmelheit.
      Sjå skjema
      Illustrasjon over avkrysningsskjema.