Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Urologi

Avdeling for urologi utgreier og behandlar sjukdomar i urinvegane for menn, kvinner og barn. Urologi omfattar og sjukdommar og tilstandar i dei mannlege kjønnsorgana. Ved avdelinga har det blitt utført robotkirurgi av prostatakreft sidan 2009.

Avdeling for urologi er ei av fem fagavdelingar under Kirurgisk klinikk.
Avdelinga har en sengepost, Kirurgisk post 2. Avdelinga har og ein poliklinikk med ekspedisjon i sentralblokka 2. etasje.

Undervising
Urologisk avdeling har ansvar for utdanning av helsepersonell innan pleietenestene og utdanning av legar som skal verte spesialistar i urologi.Visittid

Visittid for pårørande er frå klokka 17.00-20.00. 


Det er totalt fire sengepostar og ei spesialeining ved avdelingane under Kirurgisk klinikk. Kirurgisk post 2 i 4. etasje har pasientar frå Urologi. Postane er utstyrt med einerom, dobbeltrom og firemanns rom.

Den vanlege visittida på sjukehuset er mellom kl. 17.00 og 20.00. Vi har mange nyopererte pasientar som deler rom med andre pasientar. Desse pasientane treng ro og vi ber om at besøkande viser omsyn. Om pasienten er i stand til å opphalde seg i daglegstove eller korridor, vil det vere mogleg å ta imot besøk utanom visittid. Ver vennleg å ta kontakt med personalet ved besøk utanom visittid.

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege/lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå.


Felles ekspedisjon for poliklinikkar ved Kirurgisk klinikk:

Når du ringer 55 97 28 42  får du følgjande val:

  • Urologi
  • Gastro og akuttkirurgi
  • Karkirurgisk
  • Plastikkirurgi og brannskade

Her er vi:

Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Kirurgisk klinikk, ekspedisjon, poliklinikkar. Poliklinikken ligg i Sentralblokka 2. etasje. Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

Utgreiing

Etter at diagnose er stilt vurderer legen om ein vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.

Behandling

Mesteparten av vår kapasitet går til behandling av kreftsjukdommar, steinsjukdommar og andre komplekse tilstandar som treng spesialistkompetanse eller spesiell oppfølging.

Mesteparten av vår kapasitet går til behandling av kreftsjukdommar, steinsjukdommar og andre komplekse tilstandar som treng spesialistkompetanse eller spesiell oppfølging.
Nokre eksempel på urologiske plager og sjukdommar som blir utgreia ved vår poliklinikk: 

  • Urinlekkasje (urininkontinens)
  • Problem med å tømme urinblæra
  • Smertefull eller hyppig vasslating
  • Kronisk urinvegsinfeksjon
  • Blod i urinen (synleg eller ved test av urin)
  • Nyrestein
  • Funn og plager som har gitt mistanke om svulst(god eller vondarta) i urinvegane

På grunn av økonomiske innsparingar har avdelinga vår måtte redusere tilbodet innan godarta sjukdommar som til dømes vannlatingproblem  hjå menn og andre godarta tilstandar i kjønnsorgana. Desse pasientane kan få eit fullverdig tilbod ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus (HDS).

Helse-Bergen vil via samarbeidet med HDS kunne gje eit godt tilbod innan faget urologi. På grunn av stor søknad til vår avdeling, må ein dessverre forvente lenger ventetid enn kva som i mange høve er ynskjeleg.

Vi må prioritere kreft- og steinsjukdommar i tillegg til andre med komplekse tilstandar.

Avdelinga kan og visa til eit utarbeida kontrollprogram etter behandling av nyrekreft.

Kontroll

Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset. Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege. Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.

Logg deg på for å endre tildelt time. Du kan også ringje poliklinikken for endring av time. Gi beskjed så tidleg som mogleg, det gir poliklinikken anledning til å utnytte sin kapasitet best mulig. Ved avbod same dag må det betalast eigedel.

Ein forløpskoordinator har ansvaret for å koordinere pakkeforløpet, med bestilling av timar og anna - i tillegg til å være sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege fram til behandlingsstart. Forløpskoordinatorane kan bli kontakta av både pasient og fastlegar.

Forløpskoordinatorar på Urologisk avdeling:


  • Blære-, nyre- og testikkelkreft: Forløpskoordinator Jeanette Pettersen, 55 97 00 63
  • Prostatakreft: Forløpskoordinator Andrine Sandøy 55 97 00 62
  • Peniskreft: Forløpskoordinator Andrine Sandøy 55 97 00 62

Innleggingskontoret ved kirurgisk urologisk avdeling: 55972844 mandag, onsdag og torsdag 9-11.

Ved spørsmål under eller etter inngrepet:
Ta kontakt med avdelinga, post 2,55 97 34 30 eller Elektivt mottak, telefon 55 97 00 10.

Pasientar som er inkontinente for urin, har hyppige infeksjonar i urinvegane, eller problem med å tømme urinblæra, kan få oppfølging av uroterapeut. Ein uroterapeut er ein sjukepleiar med spesialutdanning i dysfunksjonar i nedre urinvegar. I nært samarbeid med urolog er dei delaktig i utgreiing og behandling.

Nokre av våre pasientar får opplæring i å tømme urinblæra sjølve med hjelp av eingongskateter. Opplæringa blir gitt av sjukepleiar på poliklinikken.

Pasientar som er opererte og som har fått urostomi eller blæresubstitutt kan få råd og hjelp på vår stomiklinikk. 

Nokre tilstandar blir i dag ikkje tatt hand om ved urologisk poliklinikk. I så fall får vedkomande tilbod om utgreiing og behandling ved andre sjukehus, eller hos privatpraktiserande spesialistar. Det krev i så fall at primærlege har sendt ei tilvising. Dette gjeld til dømes erektil dysfunksjon (impotens) og ukompliserte vassbrokk. 

 

Kontakt

Poliklinikk -

  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Operasjons- og innleggelseskontoret:</br> Telefon 55 97 28 44 - måndag-fredag kl. 09.00-15.00</br></br>Sengepost, post 2:</br>Telefon 55 97 34 30 - telefontid for pårørande kl. 12.30-13.30 og kl. 17.00-20.00

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikk: Sentralblokka, 2. etasje
Sengepost: Post 2, Sentralblokka, 4. etasje

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

      Brukarar med kroniske/ alvorlige sår kan søkje HELFO om å få dekka utgiftar til bandasje materiell. Det kan du lese meri om her.

      Det er mogeleg å kome seg ut av senga utan å bruke magemusklane. Når du ikke brukar magemusklane gjer det mindre vondt. Det kan vere ein fordel når du er nyoperert.

       

      Denne videoen viser deg gode teknikkar for å kome deg opp av senga ved hjelp av to personar, ved hjelp av ein person og aleine.

      Gode grunnar til å komme seg opp av senga

      • Kroppen din kommer raskare i normal gjenge
      • Du pustar djupare og har mindre risiko for lungebetennelse
      • Matlysta blir betre og fordøyelsen kommer raskare i gang
      • Blodsirkulasjonen skyt fart og operasjonssåret gror betre

      Til deg som skal til planlagt operasjon

      Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet. Vi har derfor samla ein del informasjon til deg som skal til planlagt operasjon hos oss.
      Meir informasjon om planlagt operasjon (pdf)
      Gastro_og_akuttkirurgi_operasjon4.jpg