Under opphaldet vert ulike typar data samla. Dette er dels fysiologiske data (som blodtrykk, puls, temperatur, etc), prosedyrar vi nyttar, diagnosar som er stilte og data som liggjetid på respirator og liggjetid i avdelinga.
Dette er ein del av pasienten sin journal, som vi fyrst og fremst treng for å styre og overvake den medisinske behandlinga. Dei trengs og til å kunne dokumentere kva som vart gjort og om det skulle vere noko i etterkant, kan ein gå tilbake å sjå kva ein faktisk gjorde. Dette er vi pliktige til å gjere på vegne av sjukehuset.
Vidare ynskjer vi og i nokre tilfelle å gå tilbake i dokumentasjonen for å sjå om det er noko vi kan gjere betre for andre brannskadepasientar i framtida. Det vert då kalla kvalitetsforbetringsarbeid. Til slikt kvalitetsforbetringarbeid vert det difor samla noko informasjon knytt til alle opphald ved avdelinga i eit «Lokalt kvalitetstregister for brannskadde innlagt ved Brannskadeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus». Det som vert registrert der er mellom anna alder, kjønn, liggetid, heimfylke, storleik på brannskade, tal på operasjonar, og komplikasjonar. Om ein hentar data frå dette registret vert dette gjort utan at data er knytt til den einskilde pasienten sin identitet..
Også tidlegare innlagte pasientar kan be om å få vite kva som er registrert i Kvalitetstregistret knytt til deira eige opphald. Pasientar har og rett til å få retta feil, og også å be om å få sletta innhald.
Brannskadeavdelinga driv og med forsking for å gjere brannskadebehandlinga betre. Startar vi slike prosjekt må vi fyrst søkje etisk forskingskomite (REK-vest) om vurdering eller godkjenning. REK-vest godkjende i desember 2020 forskingsprosjektet «Pasienter behandlet ved Haukeland universitetssjukehus, i perioden 1984-2021: endringer i aktivitet, resultat og skadeårsaker.