Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En bygning med rød dør

Lærings- og meistringssenteret (LMS)

Lærings- og meistringssenteret (LMS) er eit senter for opplæring av pasientar og pårørande. Senteret er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Ved LMS arrangerast gruppebaserte pasient- og pårørandekurs. Dei kliniske avdelingane, brukarorganisasjonar og LMS utviklar kursa saman.

Pasient- og pårørandeopplæring

Pasientar og pårørande skal få god opplæring og informasjon om eigen sjukdom eller skade, for å vere best mogleg i stand til å meistre endringar som sjukdom/skade kan føre til.
Sjå oversikt over våre kurs
Gruppeundervisning. Foto

Kontakt

Telefon

Mandag - fredag

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lærings- og meistringssenteret i Bergen sine lokalar ligg i 4. etasje i Ulriksdal Helsepark, Ulriksdal 2.

Lærings- og meistringssenteret

Ulriksdal helsepark, Ulriksdal 2

5021 Bergen

​Du kan nytta alle bussar som går til og frå Haukeland universitetssjukehus for å komme til oss. Gå av/på bussen ved haldeplassen nord for sjukehuset eller ved Odontologen.

​Næraste stoppestad til Lærings- og meistringssenteret er bybanestoppet Haukeland sjukehus som ligg mellom Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass Diakonale Sykehus. Utgangen mot Haraldsplass er nærast Lærings- og meistringssenteret i Ulriksdal helsepark. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til Lærings- og meistringssenteret.