Kompetansedelpan 2023-2026
Kompetansedelplanen tar for seg tiltak for å sikre god opplæring og kompetanseutvikling for medarbeidarar, god utdanning av helsepersonell og god opplæring av pasientar og pårørande.
Delplan for kompetanseutvikling tar utgangspunkt i Utviklingsplan 2022-2035.
Hovudmålsettinga er å sikre tilstrekkeleg og riktig kompetanse for at vi kan gi spesialisthelsetenester av god kvalitet til innbyggarane vi har ansvar for. I tillegg skal vi syte for at pasientar og pårørande i større grad kan meistre sjukdom og det å leve med sjuke nærståande, både for betre livskvalitet for desse, og for at behovet for helsetenester kan reduserast.
Endringar i demografi og sjukdomsbyrde, utvikling av teknologi, ansvars- og oppgåvedeling mellom yrkesgrupper, og meir aktive pasientar og pårørande krev at vi identifiserer kompetansebehova og finn fram til hensiktsmessige samarbeidsformer til beste for medarbeidarar, pasientar og pårørande.
Ansvar og oppgåver må avklarast og sjåast i samanheng. Samarbeid med medarbeidarar, pasientar og pårørande, andre helseføretak, universitet og høgskular, samt kommunane (Tenesteavtale 6 og 7) er viktig for å sikre god kvalitet og riktig bruk av ressursane i tenesta.
Kompetansedelplanen skal leggje grunnlag for målretta kompetanseutvikling i sjukehuset i perioden 2023-2026. Prioritering av tiltak og revisjon av planen skal gjerast årleg i samband med budsjettprosessen.
Følgande område blir presentert i planen:
- Korleis vi skal sikre tilstrekkeleg personell med riktig kompetanse
- Korleis vi skal bidra til god kompetanseutvikling for medarbeidarar
- Samhandling om utdanning av helsepersonell
- Korleis vi skal leggje til rette for god pasient- og pårørandeopplæring