Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Smittevern og antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta
«Ingen pasientar eller medarbeidarar skadast av infeksjonar som kan førebyggast i våre sjukehus»
Regional plan for smittevern Helse Vest RHF definerer dei strategiske måla for smittevernarbeidet i regionen. Planen legg til rette for smittevern med høg fagleg standard i samsvar med lover, forskrifter og overordna føringar.
Planen skal gjelde helseføretak i Helse Vest og private ideelle sjukehus som har avtale med Helse Vest RHF. Gjeldande krav til system for smittevern omfattar også private leverandørar av helsetenester som helseføretaka har avtale med
Den regionale planen for smittevern beskriv viktige risikoområde innan infeksjonsførebygging som er skissert i i boksane under. Her finn de og tilhøyrande risikoreduserande tiltak, regionale anbefalingar og aktuelle verktøy knytt til dei ulike risikoområda.
Hovudansvar for oppfølging av dei ulike risikoreduserande tiltaka er markert etter kvart kulepunkt:
RKS har utarbeida verktøy der dei ulike helseforetaka får mulighet til å evaluere status for gjennomføring av tiltak og måloppnåing. Evalueringa kan nyttast som grunnlag for prioriteringar av tiltaksområde i det systematiske smittevernarbeidet lokalt.
Helseforetaka sin eigenevaluering vil inngå i statusrapport for implementering av regional smittevernplan til Helse Vest RHF.
Regional smittevernplan versjon 2022 blir revidert når det føreligg ny eller revidert nasjonal handlingsplan. Fram til ny revisjon er versjon 2022 gjeldande.
Regionalt kompetansesenter for smittevern har ansvar for utarbeiding og revisjon av regional smittevernplan på vegne av regionalt helseføretak. Arbeidet føregår i samarbeid med ei arbeidsgruppa beståande av 2 represententar frå kvart føretak og Haraldsplass Diakonale Sykehus, fortrinnsvis ein smittevernlege og ein smittevernsjukepleiar.
Regional plan for smittevern ble vedtatt i styret i Helse Vest 2022 (sak 006/22):
Styret ber helseføretaka om å legge Regional smittevernplan 2022 til grunn for det vidare arbeidet.
På vegne av regionalt helseføretak rapporterer regionalt kompetansesenter status på mål og tiltak i planen ved 1. og 2. tertial.