Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Vi bygger framtidas sjukehus

Framtida skapar vi i dag. Dersom vi skal sikre gode tilbod til pasientar og pårørande om 20-30 år, må vi allereie no planlegge korleis sjukehuset skal utvikle seg. Bygningane er viktige rammer for sjukehusdrifta.

Midt mellom hundre år gamle bygg veks eit nytt sjukehus fram. Kvart år bruker vi om lag ein milliard kroner på nye bygg og nytt utstyr for å sikre at vi kan møte dagen i dag og framtida på ein god måte.

Men like viktig som bygningane, er alt det nye medisintekniske utstyret. Vi har prioritert å investere innanfor eige budsjett, i tillegg har vi fått gåver frå eksterne givarar. Det har gjort at Haukeland universitetssjukehus er blant dei sjukehusa i landet som har det mest avanserte og tidsriktige utstyret. Det kjem pasientane til gode.

Vi har dei siste åra fått mange nye lokale for ruspasientar og pasientar innan psykisk helsevern. Dette er ei heilt bevisst satsing på svake grupper som tidlegare ikkje har fått den merksemda dei har hatt behov for.

Det største byggeprosjektet vårt er  Barne- og ungdomssjukehuset. Her samlar vi all behandling av barn og unge som skjer på Haukeland, i tillegg til å få føde- og barseleininga ved Kvinneklinikken i same lokale som eininga for nyfødde ved Barneklinikken. Til saman skal vi investere fem milliardar kroner i Barne- og ungdomssjukehuset. Eit formidabelt løft som forpliktar!

Det blir heile tida jobba hardt for å sikre at vi kan gjere dei investeringane som er nødvendige. Vi har fått til mykje, men det kjem stadig nye utfordringar. Vi held blikket framover, planlegg langsiktig og investerer for framtida!​​

Om våre nybygg

Vi bygger om og moderniserer Sentralblokka

Over ein periode på 10 år skal Sentralblokka bli modernisert i det som blir eit av de største prosjekta på Haukeland nokon sinne. Vi skal ta Sentralblokka inn i fremtida, og sikre kvalitet for pasientar og medarbeidare.

Les meir om nye Sentralblokka
Flyfoto av Sentralblokka

Vi bygger om og moderniserer Årstadhuset

Tidlegare Kvinneklinikken har endra namn til Årstadhuset. Planen er at Årstadhuset blir bygd om til pasientbehandling innan psykiatri og rus. Konseptrapport for Årstadhuset er vedtatt av styret i Helse Bergen og Helse Vest RHF.

Les meir om Årstadhuset
En bygning med parkeringsplass

Bli med inn i nye Kvinneklinikken

I 2023 flyttar føde og barselomsorga frå den gamle Kvinneklinikken og inn i nye lokale i Barne- og ungdomssjukehuset. Her ventar eit trygt fødetilbod og ei familievenleg barselomsorg, der mor og barn alltid er saman. I det nye bygget vil kvinnene og familiane deira ikkje lenger måtte dele rom med andre slik dei må i dag.
Bli med inn i nye Kvinneklinikken
Illustrasjon mor med nyfødt, far og søsken på barselavdeling. Foto

Energisenteret for barn og unge

Energisenteret for barn og unge er ein integrert del av Barne- og ungdomssjukehuset. Dette er eit unikt pionerprosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Energisenteret skal gi eit tilbod til barn og unge med fysiske og psykiske helseproblem.
Les meir om Energisenteret
Inngangspartiet av BUS
Sist oppdatert 19.02.2024