Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Visuelt framkalla respons, undersøking av synsbanen frå auget

Visuelt framkalla respons er ei undersøking av synsbanen frå auget, gjennom synsnerven og til hjernen. Undersøkinga kartlegg evna synsbanane har til å leie impulsar frå auget til hjernen og kan påvise sjukdom og skade i synsbanane.

Før Visuelt fremkalt respons

  • Hvis du bruker briller eller linser må du ta med disse til undersøkelsen.
  • Håret må være nyvasket, tørt og uten hårprodukter som olje, hårspray eller hårvoks.
  • Barn kan ha med leikar, smokk, tåteflaske etc.
  • Et og ta dei vanlige medisinane du pleier også den dagen du skal på undersøking, dersom ikkje andre beskjeder er gitt.

Under visuelt fremkalt respons us av synsbanen

Korleis går sjølve undersøkinga føre seg?

  • Undersøkinga er smertefri.
  • Under undersøkinga er det mørkt i rommet.
  • Personen sitter vanleg vis på ein stol under undersøkinga. Er ein sengeliggjande, kan undersøkinga utførast i seng. Barn kan sitte på fanget til ein av foreldrene, evt. Liggja i barnevogna.
  • Elektrodar vert festa på hovudet.
  • Auga vert undersøkt kvar for seg. Det auga som ikkje vert stimulert vert tildekt med ein augelapp.
  • Personer som kan sitja og konsentrera seg under undersøkinga, får synsnerva stimulert med eit svart og kvitt rutemønster som beveger seg på ein TV skjerm.
  • Personer som er sengeliggjande, og mindre barn vert stimulert med blinkande lys.
  • For å unngå forstyrringar under undersøkinga, er det viktig å vere roleg og slappe godt av.
  • Undersøkinga tek ca.1/2 time, men kan vare lengre.

Etter

Når undersøkinga er over, kan du reise heim eller tilbake til den avdelinga du er innlagd.

Når får eg resultatet?

Når vi får svaret på prøven, sender vi det videre til legen som henviste deg. Svar og eventuelt videre kontroller får du hos den som har henvist deg.

Kontakt

Gamle hovedbygg KNF - Klinisk Nevrofysiologi

Kontakt KNF - Klinisk Nevrofysiologi

Oppmøtestad

Du finn oss i Gamle Hovudbygg på Haukeland Universitetssjukehus.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Dersom du ønsker å avbestille eller endre ein time ved KNF, kan du logge deg inn på Helsenorge.no, eller ringe oss alle kvardagar. Treng du å avbestille mindre enn to kvardagar før avtalt time, må du kontakt oss per telefon. 

Polysomnografi (PSG) og Multippel søvnlatens test (MSLT) er tidkrevjande undersøkingar. Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, ber vi deg avbestille seinast 14 dagar  før. 

Dersom du ikkje møter til timen eller avbestiller innan 24 timer før konsultasjonen, vil du bli belasta med fastsett gebyr på kr 1600. Dette gjeld også deg som har frikort. 

Telefontid mellom kl. 08.00-15.00.  Telefon: 55 97 51 20. 

Logg deg inn på Helsenorge.no  

  • Her finn du timeavtalane dine 
  • Send ei melding til avdelinga dersom du treng å endre time eller gi andre opplysningar 

 

Innsyn for pårørande 

Har du barn under 12 år som bur på same folkeregistrerte adresse som deg, har du innsyn i timane deira.

 

Treng du hjelp med å logga inn?

Hjelp og rettleiing

Elektronisk ID

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.