Ultralydundersøking av barn og unge
Dette er ei undersøking som nyttar ultralyd til å stille diagnose eller kartleggje sjukdom. Undersøkinga skjer ved at legen bruker eit utralydkamera (ein probe) med gelé på det området som skal undersøkjast. Undersøkinga er ikkje smertefull.
Tilvising og vurdering
Det er legen til barnet sender tilvisinga.
Før
Det er viktig at du les denne informasjonen nøye slik at du veit kva som skal skje.
Dersom du ynskjer det, kan du ha med deg pårørande inn til undersøkinga.
Foreldre/foresatte bør snakke med barn og unge om undersøkinga, slik at dei blir gjort kjent med informasjonen de får her. Informasjon og samtale bidrar til at barnet/ ungdommen kjenner seg trygg.
Nokon ultralydundersøkingar krev litt forberedelse. Sjekk innkallingsbrevet kva undersøking du har fått time til, og sjå så lista under om dette gjeldt deg.
Ultralyd av livmor/ eggstokker:
Drikk ca 2 glass 15-20 min før du har time. Helst ikkje gå på toalettet i denne perioden, då det blir best undersøkelse med litt full blære.
Ultralyd av lever, galleblære eller bukspyttkjertel:
Faste 4 timar før undersøkelse. Det vil seie at du ikkje skal spise eller drikke noko i dette tidsrommet.
Ultralyd ved spørsmål om pylorusstenose:
Møt til timen med full mage.
Under
Vanlegvis ligg du på ein benk under undersøkinga. Det området av kroppen som skal undersøkast må vere avkledd. For å kunne lage bilete må det vere god kontakt mellom huda og lydhovudet. Det vert nytta ein gelé på huda, som kan kjennest litt kald med ein gong. Lydhovudet blir flytta fram og tilbake over det aktuelle området medan ein tek ein serie av bilete.
Etter
Pasientar som er innlagde på sjukehuset får som regel svar neste dag.
Dersom det er noko du lurer på i samband med undersøkinga, ta kontakt på telefon
55 97 52 20 kvardagar mellom kl. 09.00-11.00 og 12.00-13.30.