Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Ben- og bløtvevssvulster, nynorsk

Sarkom er svulstar som oppstår i bein eller blautvev (bindevev, feittvev, muskelvev, hud/underhud, sener, blodårar, nerveskjedar og liknande). Desse svulstane er sjeldne og utgjer berre omlag 1 % av alle nye krefttilfelle.

Beinkreft (osteosarkom) forekommer hyppigst i perioder med rask benvekst hos unge mennesker. Osteosarkom er kreftsvulst i benvev som utgår fra bendannende celler.

Les meir på helsenorge.no

I motsetning til dei vanlegaste krefttypane som oppstår i spesifikke organ (brystkreft, tarmkreft, prostatakreft) kan sarkomsvulstar oppstå overalt i kroppen, og utgjer eit breitt spekter av biologiske undertypar og vekstmønster.

I Noreg oppstår omlag 40-50 nye tilfelle av beinsarkom og omlag 250 nye tilfelle av blautvevssarkom kvart år.

 

Blautvevsarkom kan oppstå i alle typar bindevev som utgjer kroppens støttevev (hud/underhud, musklar, sener/seneskjedar, feittvev, nerveskjedar) samt i bindevevsceller integrerte i ulike organ i kroppen (buk-og bekkenorgan som mage/tarmsystemet, livmor, urinblære, nyrer og lever, samt brystkjertelvev og hovud- og halsområdet). 

Det finst over 50 ulike undertypar blautvevssarkom, oftast oppkalla etter vevstypen cellene liknar mest på. Dei hyppigast førekommande er gastrointestinal stromal tumor (GIST), ondarta feittvevssvulst (liposarkom), udifferenisert pleomorft sarkom, glattmuskel-svulst (leiomyosarkom), og nerveskjedesvulstar (malign perifer nerveskjedetumor). Hos yngre pasientar er synovialt sarkom og rhabdomyosarkom vanlege subtypar. Andre typar ondarta blautvevssvulstar er til dømes fibrosarkom, angiosarkom, epithelioid sarkom, alveolært blautvevssarkom og klarcella sarkom. Ewing’s sarkom og myxoid kondrosarkom kan i sjeldne tilfelle oppstå i blautvev.

Symptom / funn ved blautvevskreft er oftast ein palpabel kul (ein kul ein kan kjenne med handa) av varierande storleik. Det kan og vere førekomst av smerte, heving, lokal varme og svekka funksjon.

Beinsarkom oppstår i skjelettet. Osteosarkom og Ewing’s sarkom rammar som oftast barn og unge vaksne.

Pasientar som får diagnosen kondrosarkom er oftast middelaldrande. Eksempel på andre kreftsvulstar som kan oppstå i beinvev er kordom, udifferensiert pleomorft sarkom, fibrosarkom, angiosarkom, leiomyosarkom, liposarkom og adamantinom. Alle desse er svært uvanlege og for å få ein påliteleg diagnose, må den stillast ved eit sarkomsenter.

Dei vanlegaste symptoma ved sarkom i bein er smerte, eventuelt heving og redusert funksjon.

Den klart vanligaste svulst som blir påvist i skjelettet er ein metastase frå kreft ein annan stad i kroppen. Dersom krefttypen er kjent tilvises pasienten til den kirurgiske avdelinga som behandlar krefttypen. Er utgangspunktet ukjent blir pasienten tilvist til Kreftavdelinga sin origo incerta gruppe.

Godarta bein- og blautvevsvulstar oppstår hyppig (minst 200-300 gonger så vanleg som primær bein- eller blautvevskreft) og kan lett bli forveksla med sarkom. 

Eksempel er godarta feittkular (lipomer), bindevevsknutar (fibromer), karsvulstar (hemangiomer), muskelknutar (myomer) og godarta nerveskjedesvulstar (nevrofibrom/Schwannom).

I skjelettet er både brusk- og beinutvekstar, osteoid osteom, enkondrom, fibrom, hemangiom, simpel beincyste, fibrøs dysplasi og aneurysmal beincyste mykje vanlegare enn sarkom. 

Utgreiinga av slike svulstar kan også gå føre seg i regi av Sarkomsenteret om lokale radiologar eller patologar er i tvil. Dersom ein godarta tilstand i blautvev blir konklusjonen på utgreiinga, kan pasienten ofte behandlast vidare ved det lokale sjukehuset. 

Svulstar som inneber komplisert kirurgi eller spesielle svulstar som kjempecelletumor i bein og aggressiv fibromatose (desmoid), bør behandlast ved Sarkomsenter fordi både kirurgisk tilnærming og eventuell medikamentell behandling er høgspesialisert.

 

Tilvising og vurdering

Når fastlegen har begrunna mistanke om kreft, skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.

Ved begrunna mistanke om sarkom, skal pasienten tilvisast til pakkeforløp for sarkom ved eitt av dei fire sarkomsentra i Noreg: Haukeland universitetssjukehus, Oslo universitetssykehus, St. Olavs hospital og Universitetssykehuset i Nord-Norge.

Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)

Forløpskoordinatoren sørger for å setje opp timene du skal ha i utgreiinga.

Utredning

I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje. Ved mistanke om kreft vil du bli undersøkt av lege. Det blir tatt blodprøver og røntgenundersøkingar med CT og eventuelt MR.

Dette dannar grunnlaget for vidare utgreiing i form av bildediagnostikk kor fleire ulike typar radiologiske undersøkingar er relevante.

For beinsarkom kan vanleg røntgen gi mykje informasjon, men CT og MR, ofte med tillegg av PET/CT gir viktig tilleggsinformasjon om kvar svulsten ligg, størrelse, omfang og nærleik til andre organ.

For blautvevssvulstar er MR den mest nyttige undersøkinga. I mange tilfelle blir det gjennomført radiologisk diagnostikk av for eksempel lunger og skjelett, for å kartlegge eventuell spreiing.

Det viktigaste verktøyet for å stille diagnosen sarkom er vevsprøve frå sjølve svulsten. Dette kan utførast i form av ein såkalla finnålsprøve, eller at ein tar ut ein liten vevssylinder (biopsi). Val av teknikk for vevsprøve/biopsi skal alltid takast i samarbeid med kvalifisert sarkomkirurg. Vevsprøven gjennomgår ei rekke spesialundersøkingar, ofte i fleire rundar, før diagnosen kan stillast. Det kan derfor ta fleire veker før det endelege svaret er klart. 

Godarta bein- og blautvevsvulstar førekjem hyppig (minst 200-300 gongar så vanleg som primær bein- eller blautvevskreft) og kan lett forvekslast med sarkom.

Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje og det blir tatt ei avgjerd om diagnose. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.

Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om sarkom (helsedirektoratet.no)

 

 

​​Pakkeforløp hjem

Alle pasienter som får en kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp hjem for pasienter med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dine individuelle behov for tjenester og oppfølging utover selve kreftbehandlingen.​
 



Under

Har du kreft, planleggjast no kva behandling som er best for deg. I samråd med deg vil vi ta ei avgjerd om behandling, som oftast basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.

Du har rett til å vere med å bestemme og vi avgjer saman med deg. Dette kallast samval. Om det finnast fleir moglegheiter, får du informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Då kan du vurdere desse opp mot kvarandre, ut frå kva som er viktig for deg.
 
Her er tre spørsmål du kan stille oss:
  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokon av desse?

 

For pasientar med sarkom vil som regel behandlinga vere operasjon, eventuelt medikamentell behandling eller strålebehandling.

Oversikt over behandlingstypar 

Kirurgisk behandling må planleggast nøye i forhold til svulsten og omliggande anatomiske strukturar. Ein strevar etter å fjerne ein brem av normalt vev rundt svulsten på alle kantar, og helst ei bindevevshinne som er urørt. Vevet som omgir sarkomsvulstar vil ofte gi inntrykk av ein slags kapsel, men må ikkje brukast som margin.

Ved ekstremitetslokaliserte sarkom kan ein i dei fleste tilfelle unngå amputasjon, og funksjonstapet for pasienten er oftast avgrensa. I mange tilfelle registrerer ikkje pasientane funksjonstap sjølv om musklar er fjerna. I Skandinavia har vi eit internettbasert forum der røntgenbilde og operasjonsmetodar blir diskutert. Ved kompleks kirurgi samarbeider kirurgane internasjonalt for å oppnå best mogleg resultat. 

Cellegiftbehandling / kjemoterapi blir brukt i tillegg til kirurgisk behandling av høggradige (dvs. hurtigvoksande) svulstar i både blautvev og beinvev. Kjemoterapi har auka andelen av  overlevande betydeleg for pasientar med osteosarkom eller Ewing’s sarkom kor alle blir behandla med cellegift.

For blautvevssvulstar blir det lagt visse risikokriterier til grunn for om cellegift skal anbefalast i tillegg til kirurgi ved lokalisert sjukdom. Faktorar som verkar inn er for eksempel størrelse på svulsten, infiltrerande vekstmønster, nekrose/celledød, og innvekst i blodårar.

Oftast blir det brukt ein kombinasjon av to eller fleire cellegifter i form av gjentekne kurar, vanlegvis med 3 vekers intervall over fleire månadar. Behandlinga kan bli gitt før og / eller etter operasjon. I Norge har vi eit tett samarbeid med Skandinavisk Sarkomgruppe (SSG), og internasjonale sarkomspesialistar, og oftast blir behandlinga gjennomført i samsvar med internasjonale protokollar.

På grunn av sarkomas sjeldne førekomst og biologiske variasjon er internasjonalt samarbeid avgjerande for å optimalisere det vitskaplege fundamentet for diagnostikk og behandling. 

Strålebehandling blir nytta i dei fleste tilfelle av høggradige blautvevssarkom som tilleggsbehandling til kirurgi. Strålebehandlinga kan bli gitt både før og etter operasjonen, og reduserer risikoen for lokalt tilbakefall.

Ved Ewing’s sarkom er strålebehandling svært effektivt, og blir ofte brukt som supplement til kirurgi, eller kan i spesielle tilfelle heilt erstatte den kirurgiske behandlinga. Vanleg behandlingstid er om lag 5 veker med dagleg strålebehandling (måndag – fredag).

I ein Skandinavisk protokoll for høgrisiko-blautvevssarkom blir det nytta såkalla akselerert strålebehandling i form av to strålefraksjonar dagleg i ein periode på 2 – 2 1/2 veke inn i mellom cellegiftkurar. Ved behov tilviser vi pasientar til internasjonale samarbeidspartnarar dersom spesielle behandlingsmetodar er å anbefale (t.d. protonbehandling eller brachyterapi).

Ved avanserte svulstar som kan vere vanskelege å fjerne kirurgisk, kan pasientar få tilbod om regional varmebehandling i kombinasjon med cellegift og strålebehandling ved Haukeland universitetssjukehus.

Varmebehandling (hypertermi) skjer ved at svulstvevet ved hjelp av mikrobølgjer blir varma opp til om lag 42 grader i om lag 60 minutt. Hypertermi har i ein europeisk studie kor Sarkomsenteret i Bergen deltok, vist å betre prognosen ved høg-risiko blautvevssarkom. Haukeland universitetssjukehus er det einaste senteret i Skandinavia som kan tilby slik regional varmebehandling, og tek derfor imot pasientar frå fleire skandinaviske land.  

Oppfølging

Alle pasientar som er behandla ved Sarkomsenteret blir følgt opp med regelmessige kontrollar i vanlegvis 10 år etter fullført behandling. I samband med kontrollane blir eventuelle seineffektar av kreftbehandlinga kartlagt, og det blir utført kliniske og radiologiske undersøkingar for å fange opp eit eventuelt tilbakefall, slik at behandling i slike tilfelle kan komme tidlig i gang.

Prognose ved sarkom

Heldigvis blir majoriteten av pasientar som får diagnosen sarkom heilt friske.
Det kan vere ein risiko for tilbakefall etter fullført kurativ behandling, og moglegheita for tilbakefall er mellom anna relatert til graden av aggressivitet og størrelse på svulsten. 

Den kirurgiske marginen (størrelsen og kvaliteten av sikkerheit omkring svulsten som blir tatt med når svulsten blir fjerna kirurgisk) har innverknad på risikoen for lokalt tilbakefall (svulsten kjem tilbake i same område den blei fjerna frå). 

Behandling som cellegift og stråling blir ofte brukt i tillegg til kirurgi, for å redusere risikoen for lokalt tilbakefall (strålebehandling) eller fjernspreiing (cellegift).

Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom

Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp til å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdomen heilt frå starten av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med så god livskvalitet som mogleg.


Kontakt

Sentralblokka Sarkomsenteret

Kontakt Sarkomsenteret

Oppmøtestad

Koordinatorkontor:
Sentralblokka, 2.etasje
Romnummer 3856 

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

Nyheiter