Blodtrykksmåling
Blodtrykket ditt blir som regel målt når du blir innlagt på sjukehus. Sjukdommen du har og kva du som skal bli behandla påverkar kor ofte blodtrykket ditt blir målt.
Måleeining
Blodtrykket vert angitt med to adskilte tal av ein skråstrek. Måleininga er mm Hg (millimeter kvikksølv). Til dømes kan blodtrykket ditt vere 120/80 (120 over 80 mm Hg).
Blodtrykket
Blodtrykket er ein viktig indikator på din aktuelle helsetilstand og ein prediktor for framtidig hjarte og generell helse. Blodtrykket brukast som rettleiing for seinare målingar når det gjeld korleis medikament, sjukdom og kirurgi påverkar sirkulasjonssystemet ditt.
Generelt mål for blodtrykksbehandling er eit blodtrykk på under 140/90mmHg, men ved nokre tilstandar og diagnoser vil dette måltallet vere lågare.
FØR
Vi anbefalar at du ikkje et, drikk, røyker, inntar koffein eller utfører fysisk aktivitet i dei siste 15-30 minutta før blodtrykksmålinga. Du skal kvile i 5 minutt før blodtrykksmålinga startar.
Under
Riktig måleteknikk er avgjørende for at det målte blodtrykket skal bli mest mulig korrekt.
Du skal sitte eller ligge stille uten å ha beina i kors. Hvil armen din på et bord eller annen støtte, slik at midten av overarmen er i hjertehøyde, samtidig som armen hviler inntil kroppen.
Hverken du eller den som måler blodtrykket skal snakke under blodtrykksmålingen.
En blodtrykksmansjett blir plassert midt på overarmen. Mansjetten blåses opp slik at den strammer rundt overarmen før luften gradvis blir sluppet ut.
Blodtrykksmansjetten er koblet til et blodtrykksapparat som leser av blodtrykket. Ofte må vi gjenta målingen flere ganger for å få et riktig resultat.
I nokre tilfelle, som for eksempel ved atrieflimmer, måler vi blodtrykket manuelt for å få eit korrekt resultat. Da er det helsepersonell som pumpar opp mansjetten for hand, og lyttar til pulsen i armen med eit stetoskop.
Å måle blodtrykket kan være litt ubehageleg når blodtrykksmansjetten blåsast opp og klemmer rundt armen, men det er heilt ufarleg.
Etter
Resultatet av blodtrykkestesten får du med ein gong, og eventuelt behov for behandling kan iverksettast.
Ver merksam
Det er ingen risiko forbunde med blodtrykksmåling
Kontakt
Sentralblokka
Hjarteavdelinga
Oppmøtestad
Poliklinikken ligg i 1. etasje i Sentralblokka. Fellesekspedisjonen der pasientar som vert innlagt etter venteliste skal møte ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Sengepostane finn du i 6. etasje same stad.Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen