Ankelbrot
Ankelen er eitt av dei vanlegaste stadene å få brotskade. Den vanlegaste skademekanismen er kraftig vridning av ankelen. Ved mistanke om brot i ankelen må du kontakte lege. Viss legen vurderer brot, vil du bli vist til røntgenundersøking.
Ankelleddet har tre bein, to i leggen og eitt i foten. I tillegg blir ankelen stabilisert av ei rekke viktige leddband, såkalla ligament. Det er derfor mange typar ankelbrot. Du kan ha eitt enkelt brot i ankelen, eller fleire. I tillegg til brotskade i bein, kan eitt eller fleire av ligamenta vere skadd.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot, er det nødvendig med røntgen av ankelen så snart som mogleg. Viktig førstehjelp er å halde ankelen høgt, nedkjøling, lett kompresjon og ro. Ankelen bør stabiliserast så godt som mogleg. Eventuelle opne sår må dekkast med bandasje. Openberr feilstilling i ankelen bør rettast opp.
Ankelbrudd er ein akutt skade. Diagnosen blir vanlegvis stilt med røntgen på Skadepoliklinikken i Bergen helsehus.
Innledning
Dei fleste ankelbrot oppstår ved ei kraftig vriding i ankelen. Dette kan skje ved uhell som fall i trapp, ved overtråkk i ulendt terreng eller ved sportslege aktivitetar. Det oppstår omgåande smerte, hevelse og av og til kan ankelen stå i feilstilling.
Alvoret til ankelbrotet blir avgjort av fleire faktorar. Skadar med mykje energi er vanlegvis meir alvorleg enn skadar med mindre energi. Brot fleire stader i ankelen og skade av blautvev som musklar, hud og ligament kan også forverra prognosen. Kor alvorleg skaden er legg grunnlaget for kva behandling som blir vald.
Det blir tilrådd å gjera grunnleggjande førstehjelp ved ein slik skade:
- Kjøl ned
- Legg på kompresjonsbandasje
- Hold foten høgt heva
Behandling
Det er hovedsakelig to måter å behandle ankelbrudd på, enten med gips/støttesko eller med operasjon. Noen ganger må ankelen stabiliseres midlertidig før vi kan gjøre endelig operasjon. Da setter vi på en ramme som holder bruddet på plass i ventetiden.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarEtter
Etter behandling for brot i ankelen vil du få oppfølging på poliklinikk, vanlegvis 6 veker etter operasjon. Eventuelle sting blir fjerna etter 2 veker.
Insett metall treng vanlegvis ikkje å fjernast. Unnatak er enkelte skruar som erstattar leddband. Mange vel rutinemessig å fjerna desse etter 10 veker. Dette er i så fall eit lite inngrep i lokalbedøving som dagkirurgi.
Ver merksam
Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sykehuset. Tegn på infeksjon er:
- Rødhet, hevelse og varme i huden
- Væske fra såret
- Økende smerter
- Feber
- Generell sykdomsfølelse
Kontakt
Sentralblokka
Ortopedisk avdeling, Haukeland
Oppmøtestad
Du finn oss i Sentralblokka på Haukelandsområdet:
Ekspedisjon 8. etasje.
Poliklinikk 2. etasje.
Ortopedisk infeksjonspost 4. etasje
Sengepostane 7. etasje.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen