Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Bjørgvin DPS Poliklinikk

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) tilbyr poliklinisk behandling ved tre lokasjoner: to på Tertnes i Åsane og én på Knarvik i Nordhordland.

Poliklinikk ved Bjørgvin DPS

Poliklinisk behandling betyr at du får hjelp uten å være innlagt. Den første kontakten med psykisk helsevern skjer som regel gjennom poliklinikken. Her kartlegger vi dine behov og starter behandling. Tilbudet består blant anna av individuell samtaleterapi, gruppeterapi, medikamentell behandling, opplæring i mestringsstrategiar og ulike kurs.

Allmennpsykiatriske poliklinikkar i Knarvik og på Tertnes tek imot dei fleste pasientane. Her får du regelmessige samtalar med ein behandlar, der de saman blir einige om mål for behandlinga og kor lenge og ofte de skal møtast.

Tertnes rehabiliteringspoliklinikk er eit spesialisert tilbod for personar med psykoselidingar. Her er fokuset på meistring av kvardagen, medisinsk behandling og samarbeid med andre tenester om bustad, arbeid, utdanning og sosial funksjon. I Knarvik blir denne pasientgruppa følgt opp av eit eige team innan den allmennpsykiatriske poliklinikken.

 

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising frå fastlegen eller anna helsepersonell. Vi vil så avgjere om du har krav på behandling, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne".

 

Før

Det er eit krav at spesialisthelsetenesta skal bruke behandlingsmetodar som er dokumentert effektive. Det kan vere lurt å begynne å tenkje over mål for behandlinga allereie når du blir tilvist. Om du i tillegg klarer å gjere nokre små endringar i ventetida, er det verdifullt.

Meir info om korleis du kan hjelpe deg sjølv i ventetida

 

Du må godta «informasjonskapslar frå tredjepartar» for å kunne sjå dette innhaldet.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
  • Måndag 08:30 - 15:30
  • Tysdag 08:30 - 15:30
  • Onsdag 08:30 - 15:30
  • Torsdag 08:30 - 15:30
  • Fredag 08:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Bygg B på Tertnes i Åsane, og i 5. etasje i Region Nordhordaland Helsehus.

Tertnesveien 37

Tertnesveien 37

Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Det er 2 timer gratis parkering på hverdager mellom kl. 08:00 – 17:00. Videre takst ut over de 2 gratis timene følger Helse Bergen HF-standard.

Betaling med appen Unum: Du kan betale enten ved å registrere deg og betale automatisk med Unum-appen, betale på nett eller betale ved å bruke automat.Les meir om betaling og Unum på nettsidene deira

Det er tilrettelagt for lading av bil ved AFR Tertnes.

Prisar for parkering

Kvardager:
Kl. 08-17: Kr 15,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 250,- per døgn (samanhengande parkering).
Kl. 17-21: Kr 10,- per påbegynte 30 minutt.
Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr. 40,- per natt.

Laurdag og søndag: 
kl. 08-21: Kr 15,- per påbegynte 60 minutt. Maks 105,- per dag. 
Kl. 21-08: Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
(samanhengande parkering).

Gratis parkering for mopedar, motorsyklar og mopedbilar på oppmerka plassar ved hovedinngang til Bjørgvin DPS.

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


Praktisk informasjon

​Alle er velkommen til kantina vår i Bygg B. 
Opningstider måndag - fredag klokken 10.30 til 13.00.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Er du pasient?

Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
Informasjon til pasientar
Pasient og behandler. Illustrasjon

Er du pårørande?

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Informasjon til pårørande
Pårørende og pasient sitter i sofa hos behandler. Illustrasjon

Hjelp deg sjølv i ventetida

Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Gode råd i ventetida
Illustrasjon av e-konsultasjon.