
Diagnostisk senter
Diagnostisk senter er ein del av Mottaksklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus, og held til i Korttidsposten. Senteret skal gi rask utgreiing for pasientar som blir henvist frå fastlege med symptom eller funn som gir mistanke om alvorleg sjukdom som det hastar å få avklart, og som inngår i Diagnostisk pakkeforløp (eit av pakkeforløpa for kreft). Utgreiinga skjer poliklinisk, utan innlegging i sjukehus.
Diagnostisk senter skal gi rask utgreiing der fastlegen mistenkjer alvorleg sjukdom, til dømes kreft.
Her er informasjon til fastlegar om tilvising hit

For pasientar: Kva skjer når du kjem til Diagnostisk senter?
Den første du vil møte er pasientkoordinator. Her får du informasjon om kva som vil skje vidare.

Kontakt
Pasientkoordinator:
Postadresse
Diagnostisk senter, Mottaksklinikken, Haukeland universitetssjukehus 5021 Bergen
Slik finn du fram
Oppmøtestad
1. etasje i Sentralblokka på Haukeland. Følg skilt til Korttidsposten.Besøkstider
- I dag 08:00 - 16:00

Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen