FORECEE er eit forskingsprosjekt som har som mål å kartleggje kva risiko kvinner har for å utvikle kreft i bryst, eggstokkar, livmor og livmorhals.
Prosjektet treng kvinner som er bærare av sjukdomsgena BRCA1 / BRCA2 (bryst- og eggstokkreft-gen ) og HPNCC (Lynch-syndrom/arvelig tarmkreft) for å kunne utvikle ein ny krefttest for kvinner.
Forskingsprosjektet er unikt i sitt slag ved at ein ser både på arvelege faktorar (mutasjonar i arvestoffet), faktorar som bakterie/virus infeksjonar i tillegg til miljø og livsstils faktorar.
Vel 500 kvinner skal med- der omlag 200 skal vere friske kvinner frå befolkninga og 200 skal vere
personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose (eggstokk eller livmor), eller at dei har fått påvist
arveleg genetisk feil som gjer at dei har auka risiko for å utvikle utvalde krefttypar.
Prosjektet har rekruttert deltakarar sidan januar 2016, og mange er blitt inkluderte. Gruppa for
friske kvinner er fylt opp, medan personar som nyleg har fått ein kreftdiagnose blir kontakta når dei kjem til samtale på Kvinneklinikken.
Data vi samlar inn og informasjonen som vert registrert, blir oppbevart etter eigne retningslinjer
og vil ikkje bli brukt til anna enn det som er hensikta med studien. Resultata blir anonymiserte
og kan ikkje bli knytt til den enkelte deltakar etter studieslutt.
Denne informasjonen skal brukast til å utvikla testar slik at ein kan sei kva risiko kvar enkelt
kvinne har for å utvikla dei ulike kvinnelige kreftsjukdomane.
Alt helsepersonell involvert i FORECEE har teieplikt.
Vil du delta i studien?
Ønskjer du å delta, eller har du spørsmål knytt til dette prosjektet, kan du ta kontakt med line.bjorge@helse-bergen.no
Les meir om FORECEE-prosjektet