Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Et nærbilde av en håndtrykk

Stomiklinikken

På Stomiklinikken har vi først og fremst eit tilbod til pasientar som har vore innlagt eller er utgreia ved sjukehuset, eller er tilviste frå frastlege. Klinikken blir betjent av stomi- og kontinenssjukepleiarar. Vi er spesialsjukepleiarar med kompetanse til å informere, rettleie og følge opp pasientar som har stomi, fistlar, reservoar eller avføringsproblem som har sitt opphav i bekkenbotnen.

Bestilling av time 

Fleire pasientgrupper kan ringe direkte til stomi- og kontinenssjukepleiar for å bestille time. Dersom du er tilvist av lege vil du få time tilsendt i Helsenorge.no.  

Telefonsvarar 

Stomi- og kontinenssjukepleiar arbeider både på sengepost og stomiklinikk. Når stomi- og kontinenssjukepleiar er opptatt blir telefonsvarar brukt. Legg igjen telefonnummer og namn og vi tar kontakt ved første anledning. Nokre av oss jobbar deltid på stomiklinikken, og då kan det ta eit par dagar før den du ønsker kontakt med kan ringe tilbake.  

Stomipose. Foto

Den opererte pasient 

Pasientar som har vore gjennom ein større operasjon og fått laga til ein stomi kan oppleve endringar i kvardagen som kan vere krevjande å takle og treng å snakke om dette. Ved stomiklinikken tilbyr vi faste oppfylging det fyrste året etter operasjonen, og sidan ved behov.   

Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gje råd og rettleiing i forhold til den nye livssituasjonen  både når da gjelde kostjusteringar, fysisk aktivitet, det å gå tilbake til jobb og fritidsaktivitetar, det å reise, endra sjølvbilde  og det å ta opp att samliv.  Av meir praktisk tiltak, gir vi rettleiing i rett stell av stomi og huda rundt stomien og råd ved eventuelle lekkasjeproblem eller sår hud.  Vi har oversikt over alt som finnast av stomiutstyr, kan gje ut prøvar, og kan  hjelpe til med å finne det som fungerer best for den enkelte.  

I tillegg til stomiopererte følger vi og opp pasientar som har fått ulik type reservoar som erstatning for dei naturlege funksjonane, eller pasientar som pga. sjukdom har utvikla fistlar.  Også her kan vi gi råd om tilpassing til ny livssituasjon, kostjusteringar, stell av hud og bandasjering .  

 

Pasientar med avføringsproblem som har sitt opphavet i bekkenbotnen 

Nokre kan vera plaga med manglande kontroll på avføringa, andre med forstopping eller smerter i bekkenbotnen. Til desse pasientane bidrar stomi- og kontinenssjukepleiar med alt innan ikkje operativ behandling.  Dette kan vere informasjon om rette rutinar ved toalettbesøk, kostjusteringar, medikamentbruk,  aktuelle bind eller analpropppar, opplæring i tarmskyll eller bruk av apparat for opptrening av bekkenbotn/lukkemuskel. Desse pasientane er som oftast tilviste frå fastlegen. Først vil pasienten bli undersøkt av ein av våre legar, der vidare utgreiing blir klarlagt. Deretter vil vedkomande bli tilvist til stomi- og kontinenssjukepleiarane for vidare behandling (den "ikkje operative delen" av behandlinga).  

 

Til deg som har stomi

Her finn du informasjon om ulike typar stomi og stomiutstyr, korleis ta vare på helsa, kva du bør vere merksam på, og anna som er verd å vite.

Til deg som har stomi
En persons kropp med en tegning på den

Kontakt

Telefon

Når stomi- og kontinenssjukepleiar er opptatt blir telefonsvarar brukt. Legg igjen telefonnummer og namn, og vi tar kontakt ved første anledning.

Logg inn for å endre time

Logg inn på helsenorge.no
Skal du sende melding til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. Registrer at du har kome, eller gå til ekspedisjonsluka i 2.etg. Du får då informasjon om kva for et venteareal du skal gå til. Vi disponerer fleire rom, så venteareal D5 og D6 er det som blir nytta. Opningstid er kvardagar frå kl.09-17.00

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

      Kurs og møter

      • Stomi - Å leve med stomi
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
        Stomi - Å leve med stomi
        Dato kjem