Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hospitering

Ønsker du å hospitere ved Helse Bergen? På denne sida finn du informasjon om kven som kan søke.

En person i hvit frakk
Hospitering er i denne samanheng eit ulønna, tidsavgrensa opphald i ei eller fleire einingar i Helse Bergen. Hensikta med hospitering kan være kompetanseheving, betre kjennskap til pasientbehandling, rutinar og betre samarbeid mellom ulike einingar og nivåar i helsetenesta. 

Hospitering må ikkje forvekslast med praksisstudiar i regi av ein utdanningsinstitusjon. Er du student ved Universitetet i Bergen (UiB), Høgskolen på Vestlandet (HVL) og VID vitenskapelige høgskole (VID) må du kontakte skulen din. 

Helse Vest jobbar med å forbetre rutinane for inntak av hospitantar. Helse Bergen er ein del av denne prosessen. All informasjon om nye rutinar vil bli publisert på denne sida når dei er klare. 

Se retningslinjer for prioritering av mottak av studentar/elever/hospitantar til pasientnær praksis i Helse Bergen. 

Forskarara tilsett hos andre arbeidsgivarar som deltek i arbeid og/eller skal nytte data frå foretaket sitt informasjonssystem i tilknytning til forskningsprosjekt, må ha ein avtale ved den aktuelle klinikk/avdelig/forskningsgruppen.

Studentar som skal skrive oppgave og har behov for å nytte data frå foretakets informasjonssystem, må ha ein avtale ved den aktuelle klinikk/avdelig/forskningsgruppe.

Meir informajon om masteroppgåve finn du her.

Studentar som skal skrive oppgave ved UIB, HVL eller VID må kontakte skulen sin. 

Haukeland universitetssjukehus (HUS) tar vanlegvis imot studentar under utdanning i utlandet frå utdanningsinstitusjonar som har avtalar med UiB, HVL og VID. Sjekk om dette gjelder ditt universitet/høgskule. Utover dette har sjukehuset per no ikkje kapasitet til å ta imot studentar frå utlandet.  


Internship at Helse Bergen 


In order to have an internship at Haukeland Universitetssjukehus (HUS) students need to be part of a student exchange program between cooperating universities. Check whether your university has an agreement with the University of Bergen (UiB), Western Norway University of Applied Sciences (HVL) or VID Specialized University (VID). 

Note that HUS does not offer internships during holidays (summer, Easter, Christmas). 

Additional information about postgraduate medical education: 
In Norway, medical graduates gain access to postgraduate medical education through employment in hospitals or primary care institutions. Employment as a postgraduate in medicine at HUS require, among other things, that you are fluent in Norwegian or another Scandinavian language. ​

​​
Sjukehuset har begrensa kapasitet til å ta imot studentar frå utdanningsinstitusjonar utan avtale. Sjå retningslinjer for prioritering av mottak av studentar/elever/hospitantar til pasientnær praksis i Helse Bergen. 

Søknadar frå studentar frå andre norske utdanningsinstitusjonar kan vurderast ut frå kapasitet ved den enkelte seksjon. Følgande skjema​ sendes til post@helse-bergen.no. Oppgi informasjon om studieprogram og utdanningsinstitusjon. Vi ber om at du legg ved relevant informasjon/veiledningsskjema frå ditt universitet.  

Personell tilsett hos annan arbeidsgivar som hospiterer i helseforetaket for kompetanseutveksling. Førespurnad må gå til post@helse-bergen.no​

Personell som ønskjer autorisasjonspraksis må først ta kontakt med Helsedirektoratet (Hdir). Når vedtak frå Hdir er klart kan du sende førespurnad om praksisplass til HUS. På grunn av begrensa kapasitet kan vi ikkje garantere praksisplass. 
 
Send e-post til post@helse-bergen.no  med:

  • Utfyllande søknad som inneheld kva praksis som etterspørjast, samt praksisens omfang 
  • Dokumentasjon av norske språkferdighetar som tilsvarar B2 på Europarådets nivåskala for språk (CEFR) (f.eks. Bergenstesten) 
  • Vedtak frå Helsedirektoratet med svar på søknad om autorisasjon og ev. vedlegg  



Arbeidsmarknadstiltak forutset at ein har klar ein samarbeidsavtale med NAV. Førespurnad må gå via NAV til post@helse-bergen.no.  


 







Sist oppdatert 06.07.2023