Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innlegging

​Ved akutte tilstandar som ikkje kan vente, ring Medisinsk nødtelefon 113 

Ved andre innleggingar av pasientar som treng akutthjelp, ring innleggingstelefonen på 55 97 33 36 

  • Tast 1 ved behov for ambulanse.
  • Tast 2 om det ikkje er behov for ambulanse.​

Det er Dokumentasjonsavdelingen og Hospitaldrift Telefoni som besvarer telefonen ved tasteval 2. Innleggjande lege må ha innleggingsdiagnose og aktuell avdeling klart på førehand.

Dersom det er behov for konferering om innlegginga må dette skje i forkant, med aktuelle vakthavande legar. Ring via sentralbord til Haukeland universitetssjukehus ​ 55 97 50 00  og Haraldsplass Diakonale sjukehus  55 97 85 00 .

 

Avdelingar og klinikkar med eigne meldepunkt:

Innleggingar til følgjande avdelingar har eigne meldepunkt, og skal ikkje meldast via innleggingstelefonen:

  • ​Barne- og ungdomsklinikken55 97 33 93 
  • Kvinneklinikken​55 97 42 00 
  • Revmatologisk avdeling og Hudavdelinga- 55 97 39 22 
  • Kreftavdelinga - ​55 97 20 10 eller vakthavande kreftlege.
  • Augeavdelinga - 55 97 41 14 kvardagar kl 08-21​, helg og heilagdagar kl 09-19. Utanom dette, ring sentralbord og be om vakthavande lege.

Voss sjukehus 

Ring sentralbordet tlf 56 53 35 00 ved ynskje om telefonkonferering med bakvakt (kvardagar kl 8-20, laurdag kl 9-18 og sundag 9-17). Utanom desse tidspunkta, be om LIS2/LIS3. 

Melding om innlegging går via Akuttmottak Voss sjukehus tlf 56 53 04 32 og evt. AMK (ved behov for ambulanse). 

 

​Transport

Dersom det er behov for taxi må innleggjande lege bestille dette sjølv.

Bestilling av ambualanse til pasientar som ikkje har behov for akutthjelp​, ring  64 89 64 03.​​

 

 

Førespurnader om innlegging ved utagering og/eller alvorleg risiko for sjølvmord eller andre tilstandar med behov for lukka post, blir retta til Psykiatrisk akuttmottak (PAM). 

Førespurnader om ordinær innlegging eller akutt poliklinisk vurderingstime blir retta til det DPS (distriktspsykiatrisk senter) som pasienten geografisk høyrer til, innanfor vanleg kontortid (Det blir bede om kontakt med akuttfunksjon/-telefon).  

  • Bjørgvin DPS 55 95 70 00 
    Gjeld for Arna og Åsane bydel i Bergen kommune og kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Osterøy, Masfjorden, Modalen og Gülen 
     
  • Kronstad DPS - 55 95 61 00 
    Gjeld for bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune. 

  • Voss DPS - 56 51 40 00 
    Gjeld for kommunane Voss Herad, Vaksdal, Kvam, Eidfjord og Ulvik. 

  • Betanien DPS 55 50 73 94  
    Gjeld for bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg i Bergen kommune.  

  • Solli DPS - ​55 61 82 00  
    Gjeld for Fana bydel i Bergen kommune og kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Samnanger.

  • Øyane DPS56 32 66 00 
    Gjeld for kommunane Øygarden og Askøy. 

  • ​​Utenfor vanlig arbeidstid (ettermiddag / kveld / natt /lørdag /søndag / helligdag)
    Alle førespurnader blir retta til vakthavande psykiater på Psykiatrisk klinikk, Sandviken. 
    55 95 84 85
    Vakthavande kan formidle akutt-time på DPS neste dag.
Foto av uniformert kvinne med telefon i brystlommen.

 

Sist oppdatert 12.11.2024