- Fleire elevar i vidaregåande skole kontaktar legen, oftast fastlegen, for å få legeerklæring om fritak frå kroppsøving. Eit fritak kan øydelegge for elevane. Dei kan risikere å stå utan karakter i faget og dermed utan vitnemål for fullført vidaregåande skole, seier kommuneoverlege Harald Hauge.
- Legeerklærings-skjemaet er meint som informasjon frå legen til kroppsøvingslæraren med beskrivelse av helsemessige utfordringar eleven har. Alle nyutdanna kroppsøvinglærarar på vidaregående skole har mastergrad innan faget. Det er opp til dei å legge til rette undervisninga slik at eleven kan delta. Skjemaet vil bli eit viktig verktøy for kroppsøvingslæraren, og i løpet av hausten blir det evaluert av både lærarar og legar, seier Hauge.
«Anbefaling om tilrettelegging i kroppsøving» er elektronisk tilgjengeleg i journalsystemet Infodoc. Fylkeskommunen har lagt legeerklæringa tilgjengeleg på alle vidaregåande skuler sine nettsider. Slik kan også elevar ta det med når dei skal til legen.
Mykje av grunnlaget for det nye tiltaket vart lagt i 2018 då Os vidaregåande skule gjennomførte eit prosjekt saman med Hordaland fylkeskommune og Energisenteret for barn og unge ved Haukeland universitetssjukehus, gjennom Idrettscampus Bergen sitt prosjekt «Knutepunktet». Målet med prosjektet var å kunne tilby elevene ei godt nok tilrettelagt opplæring i kroppsøvingsfaget og sikre elevane vurdering. Os-modellen reduserte talet på elevar som søkte gymfritak frå 20 elevar skoleåret 2013/14 til 5 elevar skoleåret 2018/19 (sjå NRK januar 2019). Skulen snudde trenden ved å ta i bruk fleire ulike tiltak og deira erfaringar har kome til nytte i utviklinga av den nye legeerklæringa.