Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Psykisk helse og rus har fått nye pakkeforløp

Helsedirektoratet har lansert tre nye pakkeforløp for psykiske helse og rus.  Dei første pasientane kan tilvisast dei tre dei nye pakkeforløpa frå 1. januar 2019. Pakkeforløpa er utvikla i nært samarbeid med brukarorganisasjonar og ulike fagmiljø.

Publisert 27.09.2018
Sist oppdatert 30.01.2022

«-På samme måte som i pakkeforløpene for kreft innføres noen forløpstider. Utredning skal gjennomføres innen seks uker. For personer som henvises til pakkeforløp innen rusbehandling, skal det ikke være opphold mellom avrusning og behandling. For lidelser som psykoser og alvorlige spiseforstyrrelser anbefales det at ventetiden er maksimalt sju dager fra henvisningen er mottatt til første samtale i spesialisthelsetjenesten. sa Bent Høie på, lanseringskonferansen for pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløpa startar og avsluttast i kommunen Derfor er det viktig for fastlegane å sette seg inn i kriteria for tilvising til pakkeforløpa, som er å finne som del i pakkeforløpa.
 

Link til dei tre nye pakkeforløpa

Utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne

Utgreiing og behandling i psykisk helsevern, barn og unge

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Pakkeforløpa skal sikre at pasienten også får utgreiing og behandling av somatisk helse.
 

Forløpskoordinator

Spesialisthelsetenesta og kommunane etablerer forløpskoordinering for alle pasientar med rett til pakkeforløp.
 

Orientering til fastlege undervegs

I pakkeforløpa skal det væra faste evalueringar. Det inkluderer tilbakemelding til tilvisar/ fastlege om den pågåande behandling av pasienten. 
 

Konferanse om lokal implementering 

Helseføretaka skal ha ein konferanse om innføring av pakkeforløpa psykisk helse og rus i Bergen 15. oktober. Her vil Helsedirektoratet saman med sentrale aktørar frå den kommunale helse- og omsorgstenesta, spesialisthelsetenesta og brukarorganisasjonane møtast for vidare arbeid med lokal implementering.


PKO-gruppa oppmodar kollegaer til å melde seg på denne regionale lanseringskonferansen som framleis har 20 plassar ledig for fastlegar. Påmelding til silje.christine.moe@helse-bergen.no