Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising av augepasientar

Publisert 15.01.2025
Fasade Augebygget

Foto: Katrine Sunde

På grunn av augehelsetenesta si utfordring med lange ventelister og ventetider ber vi om at tilvising av pasientar med behandlingstrengande augesjukdom blir sendt til avtalespesialistar i Helse Bergen sitt opptaksområde.

Avtalespesialistane vil vurdere tilvisingane og sende vidare til sjukehuset dei pasientane som treng 3.linjeteneste. 

Avtalespesialistane og Augeavdelinga har saman laga ein oversikt over dei pasientgruppene som ikkje vil bli prioritert, eller der vi har stramma inn på kriteriane for å få hjelp frå spesialisthelsetenesta. 

Har ikkje rett til behandling i spesialisthelsetenesta:

  • Tørre auge med lite plager. Dei med alvorleg grad må ha prøvd kunstig tårevæske over tid.
  • Tunge augelokk uten synsfeltutfall – Synsfeltmåling med Donders metode må stå i tilvising.
  • Andre inngrep av kosmetisk karakter
  • Vaksne med antatt brillebehov. Desse må tilvisast til optikar.

Kva skal vere med i tilvisinga: 

  • Visus, med eigne briller/kontaktlinser der det er aktuelt.
  • Synsfeltmåling med Donders metode der det er relevant for å ha rett til helsehjelp.
  • Om pasienten har vore til augelege før, og ev. til kven. Gjeld også ved ØH. 


Avtalespesialistane kan ta i mot eigne pasientar som ØH. 
Pasientar som klagar over redusert syn skal i første omgang oppsøke optikar, unntatt i dei tilfella der synstapet har oppstått akutt. 

Mange optikarar har kompetanse på tørre auge og kan hjelpe pasientane med dette. Dei har også utstyr til å måle trykk, og kan tilvise til spesialist der det er behov. 

Vaksne med akutt dobbelsyn, eller homonyme synsfeltutfall, skal tilvisast til nevrolog.

Takk for hjelpa! 

Vennleg helsing
Augeavdelinga
Kjetil Sævartveit
Avdelingsdirektør