Har du merksemds- og konsentrasjonsvanskar?
"Attentiv" er eit nytt meistringsprogram som Haukeland universitetssjukehus har utvikla for å støtte personar med merksemds- og konsentrasjonsvanskar.

Terapeutar ser ei auke i talet på personar som opplever merksemds- og konsentrasjonsvanskar. Nokre av desse søkjer hjelp hos fastlegen, nokre hos spesialisthelsetenesta, medan mange ikkje søkjer hjelp for slike vanskar.
– I sosiale medier kan vi alle finne meir eller mindre kunnskapsbasert informasjon om denne typen vanskar. Vi ønskjer at Attentiv skal vere ein motvekt til dette, der folk kan lære om konsentrasjons- og merksemdsvanskar og korleis dei kan handtere dette i kvardagen, fortel Tine Nordgreen, som leiar Senter for forskingsdriven innovasjon, Forhelse SFI, ved Helse Bergen.

Tine Nordgreen, leiar for Senter for forskingsdriven innovasjon, Forhelse SFI, ved Helse Bergen.
Attentiv er utvikla som eit lågterskeltilbod for å gjere kunnskapen helsevesenet har, lett tilgjengeleg. Målet er å hjelpe personar som opplever konsentrasjons- og merksemdsvanskar til å meistre kvardagen betre. Dette kan gjerast på eiga hand eller i samarbeid med helsepersonell, for eksempel hos fastlegen.
– Det er inga erstatning for utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta, men eit verktøy for personar som strevar med konsentrasjon og merksemd, slik at dei kan få det betre.
Attentiv passar for deg som
- opplever vanskar med å fokusere på ei oppgåve over lengre tid.
- blir lett distrahert av omgjevnadene.
- har vanskar med multitasking.
- har problem med å halde tråden i samtalar.
- blir fort sliten etter oppgåver som krev auka konsentrasjon.
Nordgreen fortel at fastlegar lenge har etterspurt eit slikt verktøy, som gjer at dei saman med pasientane får eit kunnskapsbasert tilbod.
– Vi treng auka kunnskap og fleire verktøy for kognitiv helse. Med programmet "Attentiv" prøver vi å møte delar av dette behovet, seier ho.
Reint sjølvhjelpsprogram
Sjølvhjelpsprogrammet Attentiv er strukturert rundt fleire tema som tek for seg ulike aspekt ved merksemd og konsentrasjon. Sunniva Brurok Myklebost er forskar og psykolog ved Forhelse i Helse Bergen, og har vore med i arbeidet med å utvikle behandlingsprogrammet.
– Attentiv gir brukarar innsikt i korleis ulike aspekt ved merksemd fungerer og hjelper dei med å bli klar over eigne utfordringar. I tillegg får brukarar høve til å lære strategiar som er nyttige for å halde fokus på oppgåver og organisering i kvardagen, seier Myklebost.
Ho understrekar at det ikkje er terapeutisk støtte i programmet. Attentiv gir reint informasjonsinnhald og skal støtte brukaren gjennom modular i ulike steg. Samtidig er programmet utvikla basert på metodar frå andre program som har vist positive effektar på merksemd.
Attentiv er utvikla av Forskningssenter for Digitale Helsetenester i samarbeid mellom Seksjon for eBehandling og Seksjon for eHelse. Brukarmedverknad har vore sentralt i heile utviklingsprosessen.
Du finn meir informasjon om programmet og korleis du brukar det på denne nettsida: Attentiv >>