Flytting av Akuttposten
Informasjon om flytting av Akuttposten frå Bergen Helsehus til Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus
Publisert 25.09.2023

Akuttposten, Mottaksklinikken, skal flytte frå Bergen Helsehus til lokale i Utgreiingsmottak 1, 2. etasje Sentralblokken sør. Flyttinga er planlagd gjennomført den 16. oktober 2023.
Det vil ut over sjølve flyttinga ikkje bli nokon endringar i inntakskriterier, melding av pasientar, personell og leiing. Sengekapasiteten vil bli redusert til 6 somatiske senger til pasientar med akutt rusproblematikk, med tilsvarande moglegheit for overvaking som i dag.