På grunn av gode resultat frå prosjektet, har Helse- og omsorgsdepartementet bestemt at prøvefylka skal
starte med HPV-test som primærscreening for alle kvinner mellom 34 og 69 år i 2018. Resten av landet vil bli inkludert frå 2019.
Erfaringane viser at det er viktig med ein trygg, gradvis og randomisert innføring av ein ny screeningmetode. Internasjonale studiar har vist at HPV-test er ein meir sensitiv metode enn tradisjonell cytologi for å oppdage alvor-
lege celleforandringar, og resultat så langt viser at det same er tilfellet i rutinebruk under norske forhold.
Kreftregisteret har følgt den tre-årige implementeringa av HPV-screening tett, og er svært fornøgd med jobben som prøvetakar (fastlegar, gynekologar og jordmødrer) har gjort saman med laboratoria ved St.Olav Hospital, Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus.
E-læringskurs
Legeforeininga har saman med Kreftregisteret laga eit
e-læringskurs som tar for seg dei viktigaste punkta i forbindelse med Livmorhalskreftscreening. Kurset gir poeng og bør bli tatt av alle fastlegar for å sikre god kvalitet på prøvetaking og rett informasjon til kvinnene.
Kurset finn du på internettsidene til Legeforeningen Kurs nr. 32190
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med oss:
Overbioingeniør Tove Lisæth, Tlf. 55973223,
tlis@helse-bergen.no
Seksjonsoverlege Hans Kristian Haugland, Tlf. 55973280 hanh@helse-bergen.no
Avdeling for patologi Haukeland universitetssjukehus