Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Endring i melding ved innlegging av kirurgiske ØH-pasientar

Informasjon om endring av avdeling/ akuttgrupper ved innlegging av pasientar som øyeblikkelig hjelp til Akuttmottak HBE, Kirurgisk klinikk frå 20. mars 2023.

Publisert 09.03.2023
Sist oppdatert 25.04.2023
Ved innlegging av kirurgiske pasientar som øyeblikkeleg hjelp (ØH) til Akuttmottak HBE (AKMO), er praksis no at pasientane blir meldt til Kirurgisk klinikk uavhengig av kva seksjon pasientane skal til.  

For å auke pasienttryggleiken i Kirurgisk klinikk, er det bestemt at ØH-pasientar skal meldast til det fagområdet som behandlar tentativ diagnose angitt i tilvising. Dette betyr at det ikkje lenger vil vere eit alternativ å melde desse ØH-pasientane til Kirurgisk klinikk. Det er mogleg å konferere med vakthavende lege ved dei ulike kirurgiske avdelingane, om ein er usikker på diagnose eller om innlegging er nødvendig.  

Kirurgisk klinikk (KI) vil i AKMO bli erstatta av følgande avdelingar/akuttgrupper: 

Pasientar med gastrokirurgiske problemstillingar skal tilvisast avdeling for gastrokirurgi (KIR-gastro (GE)) 

Pasientar med urologiske kirurgiske problemstillingar skal tilvisast avdeling for urologi (KIR-urologisk (UR)) 

Pasientar med karkirurgiske problemstillingar skal tilvisast avdeling for karkirurgi (KIR-KAR (KA)) 

Pasientar med bryst- og endokrinkirurgiske problemstillingar skal tilvisast avdeling for bryst- og endokrinkirurgi (KIR-Bryst-Endo (BE)) 

Melding av pasientar med plastikkirurgiske problemstillingar er uendra. Akuttgruppe (PK)  


Endringa trer i kraft frå 20. mars 2023.