Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Flyttar delar av behandlingstilbodet innan rusmedisin

Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen flyttar delar av behandlingstilbodet til Engenhuset i Håkonsgaten 1 i Bergen sentrum.

Publisert 05.12.2024
Sist oppdatert 10.12.2024
En bygning med kran

Einingane som flyttar inn i bygget er:

  • AFR Forsking frå Murhjørnet – flyttedato måndag 18. november 
  • AFR LAR Heroinassistert behandling (HAB) frå Skuteviken – flyttedato onsdag 20. november
  • AFR KORUS Bergen frå Kanalveien – flyttedato måndag 25. november
  • AFR Ambulant frå Kanalveien – flyttedato onsdag 27. november
  • AFR Poliklinikk frå Kanalveien – flyttedato torsdag 28. og fredag 29. november. Nytt namn AFR Poliklinikk Engenhuset.
  • AFR Skuteviken frå Skuteviken – flyttedato måndag 2. desember. Nytt namn: AFR Korttidspost Engenhuset

Pasientar som får ny behandlingsstad, vil få beskjed om ny oppmøtestad i innkallingsbrev og på SMS.

Dei som skal til poliklinisk behandling i AFR Poliklinikk Engenhuset eller til innlegging ved AFR Engenhuset korttidspost, melder seg i resepsjonen i første etasje. Pasientar i heroinassistert behandling har eigen inngang.

Tilvisingspraksis til Avdeling for rusmedisin blir ikkje påverka av flyttinga.

Vi ser fram til å ta imot pasientar i Engenhuset, som no er totalrenovert og klart til bruk.  

For spørsmål, ta kontakt med oss. Kontaktinformasjon til Avdeling for rusmedisin er den same som før:


Sentralbord, tlf 55 97 01 00

Forløpskoordinator, tlf 913 02 030

Rustilsyn, ambulant seksjon, tlf 941 71 694

Ved akutthjelp, kontakt  Akuttposten i Mottaksklinikken, tlf 55 97 18 50

Meir informasjon om flyttinga til Engenhuset finn du her >>

En bygning med en stor brun dør
 Hovudinngang til Håkonsgaten 1.  
En bygning med dør og vinduer
Inngang for pasientar som skal til heroinassistert behandling (HAB).