Laboratorietenester

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorieanalysar i Noreg.

Lab-info

13.01.2017

Lab-info: Mellombels stans i analyseringa av TRAS og østradiol 18/1-20/1

Det blir mellombels stans i analyseringa av TRAS og østradiol 18.01.17-20.01.17.  
02.01.2017

Lab-info: Nye referanseområde for alfa1-antitrypsin, ceruloplasmin og prealbumin

Frå 01.12.16 blei det nye referanseområde for analysane alfa1-antitrypsin, ceruloplasmin og prealbumin hos voksne.
23.12.2016

Lab-info: Reduksjon i talet serumrøyr m/gel frå 9.januar 2017

Prøvehandtering i laboratoriet automatiserast i større grad frå 09.01.2017. Størrelsen på serumrøyr m/gel vil bli endra til 5,0 mL for å redusere talet på prøverøyr frå kvar pasient.
08.12.2016

Lab-info: Endra referanseområde for tyreoglobulin og TBG

Referanseområdet for tyreoglobulin og TBG vil bli endra og vil være i samsvar med det som leverandøren oppgjer i sine pakningsvedlegg.
15.11.2016

Endra metode og referanseområde for IGF-1

Grunna endringar frå leverandør har vi utarbeida eit nytt referanseområde for IGF-1.
09.11.2016

Lab-info: Oppdatering av patologi rekvisisjonsskjema for eksterne rekvirentar

08.11.2016

Lab-info: Laboratorium for klinisk biokjemi innfører tumormarkøren CA 19-9

Karbohydrat antigen 19-9 (CA 19-9) kan gi klinisk nyttig informasjon i oppfølginga av pasientar med kreft i bukspyttkjertelen eller gallegangane.
08.11.2016

Lab-info: Midlertidig ordning for RhD-profylakse til RhD-negative i veke 28

Som kjent er rutinane for RhD-negative gravide endra, med prøvetaking i svangerskapsveke 24, og profylakse i veke 28. Profylakse var planlagt gitt hjå fastlege/jordmor, men sidan den praktiske gjennomføringa av dette ikkje er på plass, og f...
07.11.2016

Lab-info: Blankett Patologi - Biopsi rekvisisjon er oppdatert i DIPS

Ny versjon av BL Patologi - Biopsi rekvisisjon er no tilgjengeleg i DIPS.
07.11.2016

Lab-info: Lipase – ny analyse for utgreiing av sjukdommar i pancreas

Frå 08.11.2016 innfører LKB analyse av s-lipase.
24.10.2016

Lab-info: IFNb/VGKC/MuSK antistoff

Frå 1. november 2016 blir føljande analyser ikkje lenger tilbydt ved LKB/ Nevrologisk Forskingslaboratorium: IFNb, VGKC og MuSK antistoff. Rekvirentar som vil ha desse analysane må sjølv rekvirere og sende prøvane til eit anna laboratorium.
19.10.2016

Lab-info: Endring av prøverøyr til analyse av s-Magnesium

Endringa gjeld frå 25. juli 2016. 
14.10.2016

Lab-info: Urin-Monovette skal nyttast til alle generelle urinanalyser

Universal container, glas med kvit kork, til generelle urin- og rusmiddelanalysar utgår. Bruk i staden Urin-Monovette, spesialbehaldar med gul kork utan tilsetting.
10.10.2016

Lab-info: Nye serumrøyr med gel frå 10.10.2016

BD Vacutainer serumrøyr med gel (gul kork) erstattar Greiner Vacuette serumsrøyr med gel (raud kork).
23.09.2016

Lab-info: Stans i analysering av osteokalsin

Frå og med 26.09.2016 vert osteokalsin ikkje lenger analysert ved Hormonlaboratoriet, Haukeland Universitetssjukehus.
20.09.2016

Lab-info: Endring av røyr til prøvetaking for glukagon

Frå og med 20.september går vi over til nye røyr til prøvetaking for glukagon. Dette vil medføre nye rutinar ved bestilling av røyr frå sjukehuset, samt endring i prøvetaking og handsaming.
07.09.2016

Lab-info: Ny testmetode for påvising av Mycoplasma

Mikrobiologisk avdeling innfører 07. september 2016 metode for påvising av Mycoplasma pneumoniae IgG- og IgM-antistoff i serum. Samtidig utgår påvising av Chlamydophila pneumoniae (respiratorisk Chlamydia) antistoff i serum.
30.08.2016

Lab-info: Antimüllerhormon

Antimüllerhormon (AMH) er ikkje lengre fryseprøve frå og med 30. august 2016.
09.08.2016

Lab-info: 5-HIAA i urin

Analysen 5-HIAA (5-Hydroksyindoleddiksyre) i urin vert frå 13.06.2016 på ny utførd ved Hormonlaboratoriet.
29.06.2016

Lab-info: Utgreiing av von Willebrand sjukdom

Frå dato 27.06.16 utfører LKB analysering av von Willebrand faktor aktivitet (vWF:Act) i tillegg til von Willebrand faktor antigen (vWF:Ag) og Faktor VIII (FVIII). Dette betyr at alle typar vWS kan detekterast ved LKB. Resultata vil bli vur...
11.05.2016

Lab-info: Elektronisk overføring av patologisvar til Haraldsplass, Stavanger, Fonna og Førde

Patologisvar fra Helse Bergen overføres nå elektronisk.
19.04.2016

Lab-info: Endra referanseområde for 11-deoksykortisol og 17-OH-progesteron hjå barn

Frå 25. april 2016 vert det innført nye, og meir aldersstratifiserte, referanseområde for 11-deoksykortisol og 17-OH-progesteron hjå barn.
01.04.2016

Lab-Info: Endring av referanseområde for vanedannande legemiddel

Laboratorium for klinisk biokjemi endrar 1. april 2016 referanseområde for serumkonsentrasjon av fleire vanedannande legemiddel. 
01.04.2016

Lab-info: Nytt prøvemateriale til analyse av p-homocystein

LKB tar i bruk Litiumheparin-plasma til analyse av homocystein frå 15. april 2016. Ver venleg og bestill nye røyr før denne dato på nettsidene til analyseoversikten.
31.03.2016

Lab-info: Bestilling av sædprøve

Frå 01.04.2016 må ein sende tilvising når ein bestiller time til sædundersøkingar.
01.03.2016

Lab-info: Ny testmetode for Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoea

Mikrobiologisk avdeling innfører 15. mars 2016 ny metode for påvising av Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae. Frå denne dato må nytt prøvetakingsutstyr nyttast (sjå bilde i teksten nedanfor) .
19.02.2016

Lab-info: Elektroniske prøvesvar frå histologi og cytologi vil bli tilsendt

Brukarar av journalsystema Infodoc Plenario og System X vil få tilsendt elektroniske prøvesvar frå histologi og cytologi.
28.01.2016

Lab-info: Ny metode for måling av renin

Frå 01.02.2016 vil Hormonlaboratoriet måle renin i plasma med eit nytt analyseprinsipp. I staden for å måle plasma renin aktivitet (PRA), vil vi no måle mengda av renin direkte ved hjelp av antistoff. Det vil ha konsekvensar for referanseom...
27.01.2016

Lab-info: LKB innfører carbohydrate- deficient transferrin (CDT)

Dette er markør for høgt alkoholforbruk . Prøvane er tidlegare vidaresendt for analyse ved Oslo Universitetssykehus. Svartida vil no bli korta ned.
05.01.2016

Lab-info: Endring i rutinar for innsamling av døgnurin til katekolaminar (adrenalin/noradrenalin)

Frå 1.1.2016 kan ikkje Hormonlaboratoriet sende vidare urinprøvar til analyse for katekolaminar dersom pH i den innsamla urinen er over 6.
Se flere nyheter()