Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

For deltakere i Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen

Arbeidslivseksposomet i Lungehelseundersøkelsen i Bergen er ein understudie av Lungehelseundersøkelsen i Bergen og ein del av den europeiske multisenterstudien EPHOR - Exposome project for health and occupational research. I prosjektet ønskjer me å undersøkje kortvarige eksponeringar i løpet av ei arbeidsveke – både på arbeid og i fritid – og deira betyding for lungefunksjon og luftveier.

Bilde av logo EPHOR - Exposome tools for a healthy working life.

Formålet med prosjektet er å undersøkje korleis arbeidsrelaterte faktorar me vert utsett for over kortare tid påverkar lungehelsa. I prosjektet vil me følgje deltakaren gjennom ei arbeidsveke for å undersøkje om det dei vert utsett for i pustelufta heime og på arbeid påverkar lungefunksjon, symptom frå luftveiene, og nivå av celler og protein i blod og pusteluft som kan ha betydning for lungehelsa. 

Prosjektet vil bidra til økt forståing av luftveissymptom og luftveissykdom, kva dei skyldast og korleis ein kan forebyggje og lette helseplagar i samband med desse. Prosjektet er ein del av ein EU-finansiert multisenterstudie som vert leia av professor Vivi Schlünssen ved Universitetet i Århus, Danmark, og kor Noreg si deltaking vert leia av lungelege og professor Cecilie Svanes.

Kva inneber prosjektet for deltaker?

Deltakar vert følgt over éi arbeidsveke frå mandag morgon til og med fredag morgon. Prosjektet inkluderer både kliniske undersøkingar mandag og fredag, og ein sjølvadministrert del mellom dei to kliniske undersøkingane. 

Den kliniske undersøkinga inkluderer måling av lungefunksjon og prøvetaking av blod, urin og utåndingsluft. I løpet av arbeidsveka vert deltakaren bedt om å sjølv måla sin lungefunksjon, besvara eit kort spørreskjema i en app, og å bera tre forskjellige sensorar som måler fysiske og kjemiske faktorar som deltakar vert utsett for, samt fysisk aktivitet og søvn (sjå bilete).

EPHOR måleutstyr: Sensorer for måling av fysiske faktorer, fysisk aktivitet, søvn og prøvetaker for flyktige org. forbindelser.


Vi reknar med at undersøkingane inkludert intervju vil vare i nærare 2 timar på mandagen og ein time på fredagen. 

Vi håper du ynskjer å delta, ditt bidrag er svært verdifullt!

For å lese meir om EPHOR-prosjektet, kan du lese vidare på EPHOR sine eigne sider.
hovedsiden til RHINESSA finner dere kontaktinformasjon og adressen til FHU under fanen "Kontaktinformasjon".


Sist oppdatert 03.10.2023