I desse coronatider er informasjon om helse og risikofaktorar i befolkninga før coronavirus-pandemien uvurderleg. Vi takker dei nær 10.000 personane i Bergensområdet som har deltatt i Lungehelsestudiane RHINESSA, ECRHS og RHINE. No kan studiane også nyttast til å auke kunnskapen om forandringar i helse og livsstil forbundet med coronapandemien.
RHINESSA er eit internasjonalt forskingsprosjekt som tek for seg lungehelse gjennom heile livsløpet og på tvers av generasjonar. RHINESSA står for Respiratory Health In Northern Europe, Switzerland, Spain and Australia.
RHINESSA undersøkjer borna og foreldra til deltakarar i to store internasjonale studiar (RHINE og ECRHS). Desse to studiane har fulgt studiedeltakarane i over 20 år og undersøkt korleis lungehelse, allergiar og assosierte sjukdommar har utvikla seg og endra seg over tid. RHINESSA gjennomførast i 7 land: Noreg, Sverige, Danmark, Island, Estonia, Spania og Australia.
Meir om RHINESSA
Hovudføremålet med studien er å undersøkje:
- Førekomst av astma, allergi og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) over generasjonar
- Tydinga av tidlegare generasjonars eksponering for allergi og lungesjukdom i komande generasjonar
- Forholdet mellom luftvegssjukdommar og andre kroniske sjukdommar og tilstander
- Tydinga av barndomsfaktorar for utviklinga av astma og allergiar seinare i livet
- Miljø- og livsstils faktorane som kan påverke desse sjukdomane
- Korleis hormonelle faktorar kan påverke kvinners lungehelse
RHINESSA vil gi økt kunnskap om førekomst og årsakar til astma, allergiar og assosierte sjukdommar i tre generasjonar, gjennom heile livsløpet og på tvers av generasjoner, og på denne måten bidra til betre behandling og meir effektiv førebygging.
Meir spesifikt vil RHINESSA undersøkje
- Om besteforeldres eksponering kan påverke astma og allergi hos barnebarna
- Om mors og fars eksponering
før unnfanging kan påverke astma og allergi hos barna
- Korleis eksponering for innemiljø, luftforurensning og kjemikalier påverkar luftvegs-symptomer og -sjukdommar
- Samanhengen mellom luftvegssjukdomar og andre helsetilstander f.eks hjarte/kar sjukdommar, tannhelse, overvekt, og metabolske tilstander
- Korleis til dømes søvnforstyrrelser og fysisk aktivitet påverkar desse sjukdommane
- Samanhengen mellom lungehelse og bakterieflora på hud og munnhule
- Korleis faktorer som graviditet, hormoner og menopause har særskild tyding for kvinners lungehelse
Kontaktinformasjon
Besøksadresse
RHINESSA-studien
FHU v/Overlege Danielsens hus (ODH)
Årstadveien 21, 2 etg
5009 Bergen
Telefon: 477 01 799
E-post:
rhinessa@helse-bergen.no
Kart (pdf)
Parkering
Les mer om Forskningsenhet for helseundersøkelser (FHU)Tilsette
Cecilie Svanes, Professor, overlege, spes.i lungemedisin, vitenskapelig leder RHINESSA
Randi Jacobsen Bertelsen, forsker, PI, RHINESSA
Trude Duelien Skorge, Bedriftslege/PhD, vise PI, RHINESSA
Francisco Gomez Real, overlege, spes. i kvinnesykdom og fødselshjelp, leder ved FHU, PI Kvinnestudien
Nina Særvold, Spes.utd.sykepleier
Trine Leikanger, Avdelingsingeniør
Vilde Marie Svanes Sørbye, Prosjektkoordinator
Rhinessa in English