Formålet med studien er å undersøke:
- kva som skjer med lungehelse etter kvart som man blir eldre
- risikoen for luftvegssymptom og luftvegssjukdommar ved eksponering for miljø- og livsstilsfaktorar heime, ute og på jobb. Vi vil undersøke både negative og positive faktorar for helse, med et ekstra fokus på korleis bakteriar i munnhole og innemiljø kan påverke lungehelse over tid
- korleis luftvegssjukdommar og andre utbreidde sjukdommar som hjartesjukdommar, søvnsjukdommar og diabetes utviklar seg i samspel med aukande alder, og kva som fører til disse sjukdommane
Prosjektet inneberer å svare på nokon spørjeskjema, samt å delta på ei klinisk undersøking og eit meir utfyllande intervju. Lungefunksjonsmålingar, blodprøvetaking og andre kliniske undersøkingar gjennomførast på
Forskingseining for helseundersøkingar (FHU) ved Universitetet i Bergen.
Vi vil ta prøver frå munnhole (spytt og gingivalvæske mellom tann og tannkjøtt) og penselprøve frå hud for bakterieanalyse, urinprøve, høgde, vekt, midjemål og bioimpedanse (målar vatn og feittprosent i kroppen). Dersom det er ynskjeleg, kan du få med rapport med resultat av lungefunksjonsmålingane og bioimpedansen. Alle deltakarane får med utstyr til støvprøve-innsamling som skal gjerast heime og deretter returnerast til oss i ferdigfrankert konvolutt. Du vil også bli spurt om å sende inn ein avføringsprøve. Du får utlevert utstyr til å ta med heim for å ta denne prøva.
Som deltakar står du fritt til å stå over ein eller fleire av disse undersøkingane og biologiske prøvene. Vi bereknar at undersøkingane inkludert intervju vil vare i ca. 2,5 timar.
Vi håper du ynskjer å delta, ditt bidrag er svært verdifullt!
For å lese meir om ECRHS studien, kan du lese vidare på ECRHS sine sider.
Kontaktinformasjon: