Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ekspertpanelet evaluert

Tre år etter at Ekspertpanelet vart etablert skal ordninga no evaluerast. Foreløpig rapport er klar.

Det var i 2018 at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gav Helse Vest RHF, i samarbeid med dei andre regionale helseføretaka, i oppdrag å etablera ei nasjonal ordning med eit ekspertpanel i spesialisthelsetenesta. Gjennom Ekspertpanelet​ kan pasientar med alvorleg livsforkortande sjukdom få ei ny og ekstra vurdering av kva som er mogeleg behandling. 

Evalueringsrappo​​rten ​​klar

I 2021, tre år etter at oppdraget med å etablera Ekspertpanelet kom, fekk dei fire regionale helseføretaka eit nytt oppdrag frå departementet:

«Dei regionale helseføretaka blir bedne om å evaluere Ekspertpanelet og vurdere endringar i mandatet. Det vert lagt til grunn at pasientar med ALS også skal bli omfatta av ordninga. Helse Vest RHF skal leie arbeidet.»

Evalueringa er gjennomført med styring og ressursar frå Helse Vest, saman med dei tre andre regionale helseføretaka, og med innleigd hjelp frå rådgjevingsselskapet PwC, som Helse Vest har rammeavtale med. Årsaka til at ein hentar inn ein ekstern aktør er fordi ein ynskjer eit blikk utanfrå på korleis Ekspertpanelet og den nasjonale bruken av det fungerer.

​Les rapporten frå PWC 

​Dei fire regionale helseføretaka har i lys av evalueringsrapporten laga eit supplerande dokument der dei går gjennom tiltak for å forbetra og utvikla Ekspertpanelet​​.

Før dei regionale helseføretaka sender dokumentet med si ​endelege tilbakemelding til HOD, har interesseorganisasjonar fått gje sine innspel. 

Endeleg tilbakemelding vert tilgjengeleg på ​helse-bergen.no/ekspertpanelet

Sist oppdatert 29.08.2023